Hjem

Det medisinske fakultet

Campus Haukeland/Årstadvollen

Det medisinske fakultet sin campus ligg på Årstadvollen og ved Haukeland universitetssjukehus, med kort veg til Bergen sentrum og med flotte turområde rett utenfor studentareala.

På denne sida finn du ei oversikt over dei viktigaste bygga på campus for deg som ny student. Sjå også kart over universitetsområda

Bygg for biologiske basalfag (BBB),
Jonas Lies vei 91

Alle studentgrupper har undervising på BBB i løpet av studiet. På BBB finn du mellom anna auditorium, lesesal, grupperom, PC-rom, kantine, bibliotek, bokhandel og laboratorium. Studieseksjonen ved Institutt for biomedisin har tilhald i 6. etasje. Det er gangbru mellom BBB og Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.

Haukeland universitetssjukehus (HUS),
Jonas Lies vei 65

På HUS har UiB fleire undervisingslokale, og spesielt medisin- og ernæringsstudentar vil ha mykje undervising på sjukehuset i løpet av studiet.

Armauer Hansens hus (AHH),
Haukelandsveien 28

I 1. etasje i AHH er det fleire lesesalar og grupperom. Informasjonssenteret for studentar er også lokalisert her. Det er gangbru mellom AHH og Sentralblokka på HUS.  

Odontologibygget (ODO),
Årstadveien 19

I det nye odontologibygget på campus Årstadvollen har tannpleie- og vidarekomne tannlegestudentar det meste av si undervising. I tillegg til undervisingsrom og nytt og moderne ferdigheitssenter, er det her lesesal, kantine og Odontologisk universitetsklinikk.

Overlege Danielsens hus (ODH),
Årstadveien 21

Senter for internasjonal helse ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin har kontor i Overlege Danielsens hus. Det er undervisningsrom og PC-rom i bygget. I underetasjen har studentane ved fakultetet eit eige sosialt samlingslokale.   

Laboratoriebygget,
Jonas Lies vei 65

Fagmiljø med tilknyting til både ernæring, medisin og farmasi har tilhald i bygget. Studieseksjonane ved Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 møter du i 7. etasje. Det er gangbru til BBB og HUS.

Kalfarvegen 31
Studieseksjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin er lokalisert i Kalfarvegen 31. Det er fleire undervisningslokale i bygget.  

Kome seg til campus Haukeland/Årstadvollen:
Det er gode bussforbindelsar til campus. Linje 2 og 3 har hyppigast frekvens, men også fleire andre linjer kjører om Haukeland/Årstadvollen.  Sjå skyss.no for bussruter, eller last ned reiseplanleggar-appen til Skyss på din mobil.

Nærmaste busshaldeplass til Odontologibygget (ODO) på Årstadvollen er «Statsarkivet», og nærmaste busshaldeplass til Bygg for biologiske basalfag (BBB) og Haukeland universitetssjukehus (HUS) er «Haukeland Nord». For dei spreke er det fullt mogleg å gå eller å sykle frå sentrum. 


Spesielt for farmasistudentar:
Farmasi er eit tverrfakultært studieprogram. Det vil seie at farmasistudentar har undervising både på Det medisinske fakultet (campus Haukeland) og på Det matematisk-naturvitenskaplege fakultet (Realfagbygget i Allégaten 41). Nokre førelesingar vert også gitt i Kalfarvegen 31. UiB har gratisbuss med fast rute mellom campusane.