Hjem

Det medisinske fakultet

Oppdrag: Sjå det skjulte

Ved hjelp av avansert bildeteknologi kan forskarane legge vekk skalpellen og ta i bruk MRI-skannaren for å sjå korleis kreft spreier seg. Kjempesterke magnetar gjer dette mogleg. Den oppgraderte MRI-skannaren for dyr ved Molecular Imaging Center (MIC) er eit døme på det.

-Har du nøklar eller noko av metall på deg? Metallimplantat av noko slag? Overingeniør og Post Doc Tina Pavlin spør, før vi går inn i rommet der den nyleg oppgraderte MRI-skannaren for smådyr står. Og i det rommet må ein vere metallfri. Vi går inn, og Tina demonstrer dei sterke kreftene. Eit laust belte i handa rører på seg, når beltespenna blir trekt mot den store, runde maskina.

Det er her forskarane jobbar for å knekke medisinske gåter. Ved hjelp av skannaren kan dei sjå rett gjennom kjøt og blod. Og inn på kreftsvulstar, hjernebløding og mykje meir.


Kva er MRI

MRI står for magnetisk resonans imaging, og tek i bruk magnetfelt og radiobølgjer for å avbilda hydrogenatomer i kroppen. Denne type skanning er ufarleg for den som ligg inni maskina, fordi ein ikkje er utsett for potensielt skadeleg stråling som til dømes ved røntgen.

Som vi veit, kroppen består av mykje vatn. Som igjen inneheld hydrogenatom. Difor blir det best bilder av vev som inneheld vatn, altså det meste av kroppen. Det er vanskelig å avbilda beinvev, der er det ikkje så mykje vatn å finne. Hjerne, hjarte og ryggmarg, derimot – der kan skannaren gje store mengder verdifull informasjon. Likeins med lever, tarmar, ledd og milt, for å nemne eit par døme

Når undersøkelsen vert gjennomførd, ligg dyret inne i maskina og befinn seg da i det sterke magnetfeltet. Maskina sender samtidig ut radiobølgjer mot det området som skal undersøkast. Avhengig av hvilket vev i kroppen desse radiobølgjene treff, vil ulike mengder av radiobølgjene absorberast. I det kraftige magnetfeltet registreres dette av radiomottakaren (også kalt spolen) i maskina. Signala som fanges opp, sendes til datamaskinen som fremstiller bilder.

Datateknologi gjer det mogleg å fremstille bilder i mange plan så vel som tredimensjonale bilder. Det fins også mange spesialteknikkar innan MRI som kan nyttast til å påvirke MR signala for å fremheve bestemte typer vev.


Nyttige magnetar

Når forskarane får sjå kva som skjer inne i kjøt og vev, er målet i siste instans å redde menneskeliv. MRI-skannaren for dyr har same målet.

-Målet med bruk av vår MR-skannar er i hovudsak å studere utviklinga av sjukdom i dyremodellar for dermed å forstå sjukdommen betre, og deretter prøve å finne betre behandlingsmetodar, seier professor Frits Alan Thorsen ved Institutt for biomedisin.

-Vi brukar dyreskannaren i mange prosjekt innan onkologi, til dømes for å studere spreiing av kreft i hjerna og i kroppen elles, både på rotter og mus, vi har gjort studier av fedme i mus og rotter, og vi har også studert multippel sklerose. Nett no har vi prosjekt kor vi studerer moglege nye behandlingsmetodar for både ondarta hjernekreft og kreftspreiing i heile kroppen, fortel han.


Oppgradert og oppdatert

Den siste tida har dyre-skannaren blitt kraftig modernisert, for å kunne hjelpe forskarane endå meir i jakta på svar omkring sjukdommar.

-For det første har vi bytta ut all elektronikk til det siste nye på marknaden, fortel Thorsen.

-Dette er ei stor oppgradering som var kostnadskrevjande, men som sikrar at vi kan gjere framtidige mindre oppgraderingar etter kvart som teknologien utviklast. Vi har fått sterkare magnet-gradientar og vi har fått eit betre shimmingsystem, dette betyr at vi får betre bildekvalitet og oppløysing, og tida ein treng å ha dyret inne i skannaren kan reduserast. Dermed kan vi også gjere MR-undersøkingar som tidligare var vanskeleg eller umogleg å gjere. Vi har fått nye såkalla spolar, som er det utstyret som leggast rundt dyret og samlar inn sjølve signalet frå organa vi studerer. Dei nye spolane er meir sensitive, slik at vi får samla inn meir signal og dermed får betre bilder. I tillegg har datamaskinene som styrer skannaren blitt oppgradert, avsluttar Thorsen.

Resultatet av oppgraderinga og bruken av MRI-skannaren for dyr er også at ein får sikrare studiar med betre og meir informasjon om sjukdommar, ein treng færre dyr for å oppnå gode resultat, og dyrevelferden aukar. Noko dei som jobbar ved MIC er svært nøgde med.