Hjem

Det medisinske fakultet

News

Influensaforsking med nye EU-musklar

Influensaforskarane ved fakultetet har fått ei etterlengta økonomisk innsprøyting, og skal no bli ein del av eit stort, europeisk influensanettverk. –Eg er ekstremt glad for dette, seier Rebecca Cox – førstedama i prosjektet.

vaksine-influensa-sproyte-16-9.jpg

Illustrasjonsfoto: Influensavaksine
Influensaforskarane ved fakultetet har fått tildelt 12 millionar euro i forskingsmidlar.
Foto:
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Bergensforskarane blir ein del av konsortiet FLUCOP, som består av 26 partnarar i sju europeiske land. Både akademia, kliniske senter, store legemiddelselskap, ideelle organisasjonar og mindre og mellomstore selskap er representerte.

-Dette samarbeidet med leiande europeiske aktørar vil gje oss ein veldig bra synergi, fortel Rebecca Cox. Vi får høve til å prøve å finne ut av viktige saker. Til dømes korleis evaluering av influensavaksiner kan bli meir standariserte. Håpet er sjølvsagt å komme fram til endå betre og meir effektive vaksiner i framtida, seier ho.

Til saman får Cox og kollegaane hennar 12 millionar Euro til forskinga. Halvparten kjem frå EU og den andre halvparten frå legemiddelindustrien.

Vi er stolte over influensasenteret og Rebecca Cox, seier dekan Nina Langeland.
Dei har utført langvarig og målretta forsking. Vi gratulerer!