Hjem

Det medisinske fakultet

Kva kan eg bli?

Helse og livskvalitet heng nøye saman, og det skjer stadig store framsteg innanfor medisinsk forsking. Med ei utdanning innan helse kan du gjere ein viktig innsats for samfunnet.

Du kan førebygge sjukdom, kurere sjuke, lindre smerte og vere med på å heve kunnskapsnivået i samfunnet om samanhengen mellom livsstil og helse. Du kan bli ein del, kanskje til og med ein viktig del, av utviklinga i helsesektoren. Vi kan tilby deg eit framtidsretta læringsmiljø, der du fordjupar deg i helserelaterte problemstillingar ut i frå eit vitskapleg grunnlag.

Studietilbod

Helsefagleg kompetanse trengst kontinuerleg på alle område i samfunnet, og på verdsbasis er det stor mangel på helsearbeidarar. Ei utdanning hos oss gir deg den kompetansen du treng for å hjelpe andre til eit liv med høgast mogleg livskvalitet, og utdannar deg til eit givande yrke med ein variert arbeidskvardag.

Det medisinske fakultet tilbyr bachelorprogram i human ernæring og tannpleie, integrert masterprogram i farmasi og odontologi, profesjonsstudium i medisin og fleire toårige masterprogram innan ernæring, biomedisin, helsefag, internasjonal helse og helseleiing.

Sjå fullstendig oversikt over studietilbodet på Det medisinske fakultet.