Hjem
Det medisinske fakultet

Politiattest

På nokre av studieprogramma våre må du levere politiattest ved opptak til studiet.

Hovedinnhold

Kven må levere politiattest?

Kravet om politiattest i samband med opptak til studiet gjeld desse studieprogramma:

  • Bachelorprogram i ernæring
  • Bachelorprogram i tannpleie
  • Integrert masterprogram i farmasi (Farmasistudentar skal levere to ulike politiattestar, ein etter Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 og ein etter Legemiddellova §30A. Desse må søkast om, og leverast kvar for seg).
  • Integrert masterprogram i odontologi (tannlege)
  • Medisinstudiet
  • Masterprogram i klinisk ernæring
  • Spesialistutdanninga i odontologi
  • Kvalifiseringsprogram for tannlegar med utdanning utanfor EU/EØS - området
  • Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar

Du må levere ny politiattest ved opptak til Masterprogram i klinisk ernæring sjølv om du har levert politiattest ved opptak til Bachelorprogram i ernæring.

Korleis søke om politiattest?

Skal du begynne å studere til hausten kan du søkje om politiattest elektronisk på: studentweb.uib.no når du har fått studierett ved Universitetet i Bergen. 

1. Logg inn på Studentweb med ditt UiB-brukernavn og passord. 

2. Klikk på menyvalget "Mer". 

3. Velg så "Bestillinger" og klikk på "Politiattest".

4. Følg instruksene og fullfør bestillingen på politiets nettsider. 

Du mottar selv politiattesten fra politiet, enten i din digitale postkasse eller per post. Når du har mottatt politiattesten må du hugse å levere den inn i eiget skjema til UiB før fristen 1. september.

Korleis søke om politiattest - farmasi?

Farmasistudenter, som må bestille og levere to politiattester, må bestille disse direkte på politiets nettside. 

Bestillingsløsningen på Studentweb fungerer dessverre ikke for farmasistudenter.

Korleis levere politiattest? 

Politiattesten laster du opp digitalt via eget skjema: 

Nynorsk innsendingsskjema

Bokmål innsendingsskjema

Engelsk innsendingsskjema

Politiattesten må ikkje vere eldre enn 3 månader.  

Frist for innlevering: 
1. september

For studentar med opptak til klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar er fristen 1. februar

Manglande politiattest

Utan gyldig politiattest vil du ikkje få anledning til å delta på obligatorisk klinisk undervising eller praksisopplæring. Fråvær frå obligatorisk klinisk undervising eller praksisopplæring vil føre til at du mister retten til å gå opp til eksamen.

Dispensasjon

Det blir ikkje gitt dispensasjon eller utsetting av kravet om politiattest. Det medisinske fakultet har ei forplikting ovanfor pasientar studentane kjem i kontakt med i løpet av studiet.