Nyhet
15.03.2012

Væskestraumcytometri - kva cellene kan lære oss

-Vi brukte oss sjølve som forsøkskaniner på 80-talet, humrar Ole Didrik Lærum. Han brenn for å finne ut kva som skjer inni cellene våre.

I 40 år har professor Ole Didrik Lærum arbeidd med væskestraumcytometri, eller flow cytometry, ein måte å måle mellom anna genmateriale og protein i enkeltceller. Torsdag delte han av sine erfaringar, då væskestraumcytometri offisielt vart ein kjernefasilitet ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB (MOF).

Cellene informerer

Væskestraumcytometri er enkelt sagt ein automatisk metode for å måle enkeltceller sine fysiske og kjemiske eigenskaper. Er blodcellene hjå pasienten unormalt store? Er det ekstra mange av ein spesiell type celler? Korleis står det til med kromosoma? Å få svar på slike spørsmål kan vere viktig for behandling og prognoser av svært mange sjukdommar, som til dømes blodkreft, lymfeknutekreft og immunsvikt. Og mange, mange andre.  

-Tanken er like gammal som mikroskopet, sa Lærum i sin presentasjon. 

Den første automatiske celleteljaren vart patentert i 1949 av amerikanaren Wallace Coulter. Så gjekk det slag i slag, og i dag kan desse teknikkane analysera opptil 200 000 celler per sekund. 

Alle får

Fleire institutt ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB har no gått saman for å gjere væskestraumcytometri til ein kjernefasilitet. Tre flowcytometer står samla på Gades institutt, klare til å analysere millionar av celler.  

-Dette er kostbare instrument kor det er viktig med samordna prioriteringar på tvers av instituttgrensene, seier dekan ved MOF, Nina Langeland.

-Dette er også utstyr som krev vedlikehald og re-investering, og som veldig mange forskarar har behov for i større og mindre grad.  

-Dette er etter kvart ein allmenn teknikk, stadfestar prodekan for forsking ved MOF, Robert Bjerknes. –Det er mange små flowcytometer rundt omkring, men dei verkeleg avanserte maskinene må bli handterte av folk med spesialkompetanse. No kan alle forskarar få gjort komplekse studiar, ved å gå til den nye kjernefasiliteten.

The Viking Experiment

Ole Didrik Lærum var den første nordmannen som tok i bruk teknikken her til lands. I sitt foredrag på torsdag gjekk han gjennom metoden, heilt frå starten og fram til i dag. Og, som sagt, på 80-talet var væskestraumcytometri-gruppa i Bergen så ivrige at dei testa på seg sjølve. Dei ville finne ut meir om biorytmen til celler, og gjekk inn for oppgåva med liv og lyst. I to døgn sugde dei beinmargsceller ut av kvarandre, for å finne ut kva fart cellene vaks i, på ulike tider på døgnet.

Resultatet vart publisert, og undersøkinga fekk tilnamnet «the Viking Experiment». Eit lite innstikk i historia om væskestraumcytometri-arbeidet i Bergen, som med den nye kjernefasiliteten no har gått over i eit nytt kapittel.