Hjem
Det medisinske fakultet
Prisvinnar

Ung kreftforskar fekk Søren Falchs juniorpris 2014

- Om ei mus kan hjelpa eit menneske? Ja, så absolutt, seier ein glad prisvinnar og kreftforskar Camilla Krakstad. Ho har fått konsul Søren Falch og øienlege Sigurd Falchs fonds juniorpris for ung forskar for 2014.

Forskar og prisvinnar Camilla Krakstad saman med dekan Nina Langeland (t.v.)
Kreftforskar Camilla Krakstad fekk overrekt pris og blomar av dekan Nina Langeland (t.v.) på fakultetsdagen 5. juni.
Foto/ill.:
Anne Sidsel Herdlevær, UiB

Hovedinnhold

Krakstad arbeider no med å utvikla ein metode for å studera livmorkreftceller frå menneske i livmor hjå mus.

 

– Slik kan desse få behandling på ein realistisk måte, for å kartlegga kva medisinar ein skal prioritera for vidare utprøving på menneske, forklarar Krakstad.

 

Krakstad bidrar på dette viset til at forskarane kan kartlegga kva faktorar som er kritiske for vekst og utvikling av kreft i livmorslimhinna. Målet er å komma fram til nye og betre medisinar til pasientane.

 

Krakstad er også eit godt døme på utviklinga innan moderne kreftforsking: Høg kompetanse innan ulike felt kjem saman for å "bygga bru" mellom forskarane som arbeider i laboratorium og legane som er direkte involvert i pasientbehandlinga.

 

I tillegg til å finne lovande mål for ny behandling, har Krakstad òg bidratt til å gjere det mogeleg med ei meir skreddarsydd behandling for den enkelte pasient. 

 

Camilla Krakstad tok doktorgraden ved Institutt for biomedisin i 2005. Ho arbeider i dag som forskar ved Klinisk institutt 2 ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. Forskinga hennar er tett knytt til eit miljø som arbeider med translasjonsforsking innan gynekologisk kreft ved Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus. I 2013 fekk Krakstad forskingsmidlar frå Bergen Medisinske Forskingsstiftelse, som Ung Fremragende Forsker.

 

Kontaktpersonar:

Camilla Krakstad, forskar og prisvinnar:

 

Marion Solheim, kommunikasjonsrådgjevar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB: