Hjem
Det medisinske fakultet
Akuttmedisin

Livsviktig læring

Biletet av ein overkropp med eit stort sår på venstre side av brystet på ein mann lyser mot oss frå storskjermen i auditoriet. Under den store plasterlappen anar ein mykje blod. Her og der er det leidningar festa til kroppen.

Illustrasjonsfoto: Akuttmedisin
Gjennomføringa av det nyoppretta studieemnet i akuttmedisin fann stad denne veka.
Foto/ill.:
Anders Lund, UiB

Hovedinnhold

- Er denne pasienten kritisk skadd?

Mumling i salen. Nyutklekka medisin- og tannlegestudentar kikkar usikkert på kvarandre. Førsteamanuensis og overlege Jon-Kenneth Heltne gjev seg ikkje, og spør på ny:

-De veit ikkje kva som har skjedd her. De veit ikkje kva som skjuler seg under plasteret. Så kva meiner de? Med den kunnskapen de har i dag: Er denne pasienten kritisk eller ikkje?

 

Tidleg krøkjast som god livredning skal gje

Å raskt kunne undersøkje, tolke det ein ser og avgjere om nokon er kritisk skadd eller ikkje. Dette er berre noko av det studentane skal kunne etter å ha fullført det blodferske studieemnet i akuttmedisin, AKU101.

Måndag 1. september braka det laus, og i løpet av fem intense dagar har kring 230 ferske medisin- og odontologistudentane fått undervising og praktisk opplæring i grunnleggjande akuttmedisin.

-Det er viktig at vi får gitt denne opplæringa så tidleg som mogeleg i studiet, seier professor og overlege Anne Berit Guttormsen, Klinisk institutt 1 og Haukeland universitetssjukehus. - Ulike grader og variantar av akuttmedisin finns i alle fag, difor er det avgjerande at studentane har med seg grunnleggande kunnskap om dette heilt frå starten av, seier Guttormsen.

 

Samarbeid og eldsjeler

Gjennomføringa er resultatet av eit fruktbart samarbeid mellom Det medisinsk-odontologiske fakultet, Haukeland universitetssjukehus, Bergen akuttmedisinske foreining (BAMS), Ferdighetssenteret og Norsk folkehjelp - avdeling Haukeland.

-Både noverande og tidlegare studentar har også vore sentrale i arbeidet med å få dette på plass, fortel anestesilege ved Haukeland universitetssjukehus, Håvard Erik Landsdalen. - I det heile er det svært mange eldsjeler med her. Med svært knappe ressursar og ein overveldande frivillig innsats frå både studentar og tilsette ved fakultetet og ved Haukeland er det no mogeleg for oss å setje i gang med dette pilotprosjektet, seier han.

Ei rekkje forelesarar og 30-40 instruktørar er med for å lære dei ferske studentane korleis dei i ein akutt situasjon skal handsame til dømes traume, brannskadar, pustevanskar, hjarte-lungeredning eller ultralyd. Blant instruktørane finn ein mange vidarekomne studentar, og på den måten får dei nye studentane fullt utbyte av lærar-svenn-metoden.

Studentane skal også lære korleis ein vurderer og prioriterer skadde pasientar i ein akuttsituasjon, starte livreddande tiltak, samstundes som ein tenkjer på varsling og tryggleik.

Opplæringa legg vekt på både teori og praktiske øvingar, og studentane avsluttar den obligatoriske opplæringa med ein netteksamen, og målet for opplæringa er klart:

-Ingen skal måtte døy av ufri luftvegar, store blødingar eller lav kroppstemperatur, samanfattar Anne Berit Guttormsen for eit fullsett auditorium.