Gå til innhold
English A A A
10.01.2012 Nyhet

MedViz – ein fotosafari i kroppen

Mona Andersen er sjuk. Ved hjelp av MedViz-forsking kan legane hjelpe, ved å ta avanserte bilder frå innsida av kroppen hennar.

MedViz-bilde

MedViz-bilde

1-Untitled-1.jpg

MedViz-bilde

bruckner10hvc (2).jpg

MedViz-bilde

solteszova10multi (2).jpg

MedViz-bilde

Odd Helge Gilja

Odd Helge Gilja

Utviklinga innan medisinsk bildeteknologi har gått fort dei siste åra. Og eitt av resultata av samarbeid mellom legar, forskarar og datafolk er MedViz. Det er eit forskingssamarbeid mellom Universitetet i Bergen, Christian Michelsen Research (CMR) og Helse Bergen. Kort fortalt kan ein ta detaljerte bilder av indre organ, ved hjelp av innvendig ultralyd, magnetar og isotopar – for å nemne eit par døme. Dette gjer det lettare både å stille raske, rette diagnosar og unngå store operasjonar. Kirurgkniven blir i mange tilfelle overflødig, for ein treng ikkje opne opp for å finne feilen.

-Bilder blir viktigare og viktigare, sler Odd Helge Gilja fast. Han er professor ved Det medinsk-odontologiske fakultet, UiB og jobbar ved Nasjonalt Senter for Gastroenterologisk Ultrasonografi.

–For det er dette med tidsfaktoren, held Gilja fram, det er viktig å speede opp prosessen frå det at pasienten blir sjuk, til han eller ho får rett diagnose, og til behandlinga startar. Det er eit stort politisk trøkk, ein pasient skal ikkje stå for lenge i behandlingskø og kanskje bli enda sjukare. Då er det svært bra å ha verkty som gjer at avstanden mellom diagnostisering og behandling rett og slett krympar. Vi kan gjere mykje i ein og same prosedyre no, ting som før måtte gjerast over tid.


Finn svulstane
Tilbake til Mona Andersen frå Arna, ein av pasientane som får hjelp av MedViz-legane. Den blide dama med lyst, kort hår har ein arveleg sjukdom, MEN 1 syndrom. Sjukdommen gjer at ho lett kan utvikle ulike svulstar i kroppen, bade godarta og ondarta. Med ein slik sjukdom kan det vere livsviktig å følgje med på kva som skjer inne i kroppen. Legane vil unngå unødige operasjonar, inngrep som kan forringe livskvaliteten. Derfor er Mona kvart år inne til kontrollar og blir fotografert innvendig.

–Det er kanskje ikkje det ein gledar seg mest til, seier ho med eit skeivt smil. –Men var ikkje så ille som eg først trudde, seier ho.

Mona får nemleg ein slange med eit kamera på ned halsen for at legen skal få ta innvendig ultralyd. Desse bileta kan kombinerast med andre bilete av same område, som CT, MR eller PET.

–Eg har gjort alt det der, ler Mona. Ved hjelp av bildene kan fagfolka sjå om det er svulstar der inne, og dei kan også raskt finne ut om det er ufarlege cyster eller i verste fall ondarta kreftsvulstar.

–Bildene er avgjerande for at resultatet skal bli vellukka, seier Mona sin lege, Roald Flesland Havre,  stipendiat ved Institutt for indremedisin. -Vi har også mange eldre pasientar, og ved hjelp av nye bildeteknikkar prøver vi å skildre til dømes svulstar meir nøyaktig. Der det eg mogleg å velje eit mindre kirurgisk inngrep framfor eit større, kan det ha mykje å seie for pasienten. Når ein pasient er over 80 år, så kan det vere farleg med store operasjonar. Vi prøver å behandle pasientane frå innsida, seier han.

Mona Andersen er takksam for det teknologiske framsteget. –Eg kjenner meg trygg på at dei får med seg alt. Før eg fekk denne sjukdommen ante eg ikkje at det fanst slike metodar, seier ho.


Satsar vidare
MedViz er kome for å bli, og ikkje minst for å bli enda betre. 17. januar blir det MedViz-konferanse i Bergen, der fagfolk frå inn- og utland skal diskutere, lære og dele erfaringar. Det ser Bergens-forskarane fram til.

–På programmet star til dømes molekylær medisin, fortel Odd Helge Gilja. –I framtida vil vi truleg kunne pakke inn små bomber som blir detonerte inne i kroppen, akkurat der vi vil dei skal treffe svulsten. Det er mikrobobler som knusast ved hjelp av ultralyd, forklarar han.

Ein fotosafari i kroppen kan altså vise seg å redde liv og helse. Og Gilja ser lyst på framtida og det vidare forskingssamarbeidet.

-MedViz-samarbeidet er unikt. Mange utanlandske forskarar er misunnelege på oss. Vi er mange, vi får treffast fysisk og drøfta problemstillingar skikkeleg. Det fungerer – og det kan hjelpe mange, avsluttar Gilja.


Lenker:

http://medviz.uib.no/

Sist endret: 11.1.2012