Orpheus
Vil du bli, skal du bli, har du vore doktorgradsstudent? I så fall bør du sjekke ut ORPHEUS-konferansen!
19. april går startskotet for den internasjonale ORPHEUS-konferansen, som i år er lagt til Bergen. Konferansen varer i tre dagar, og fleire hundre deltakarar får boltre seg i spennande foredrag, fagleg påfyll og ikkje minst sosialt samvær. Fokuset er på doktorgradsstudentane, og korleis få gode utdanningar endå betre.
PhD, sa du?
Ein PhD-tittel har ikkje same meininga overalt i Europa, for utdanningane er til dels svært ulike. Slikt kan det bli krøll av, naturleg nok. Organisasjonen ORPHEUS vart etablert for å rydde opp, og er eit nettverk av universitet som har doktorgradsutdanning innan biomedisin og helsefag.
I 2004 gjekk den første ORPHEUS-konferansen av stabelen. For kvart år som har gått, har ORPHEUS bidrege til å komme stadig nærare målet om ei samkøyrt doktorgradsutdanning for medisinarar i Europa av ypperste klasse.
For to år sidan vart Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB medlem av organisasjonen ORPHEUS. Og i år er det altså Bergen sin tur å vere vertsby.
Prodekan for forsking ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet, Robert Bjerknes, ser fram til konferansen.
-Universitetet i Bergen har i fleire fora arbeidd for å harmonisere og innarbeide felles standardar for doktorgradsutdanning i Europa, og her ved fakultetet ser vi det som svært viktig at vi får sjansen til å arrangere ein slik konferanse, seier han.
-ORPHEUS er ein organisasjon som femner dei fleste land i Europa, også dei tidlegare Aust-Europeiske, og fleire av desse har synt stor interesse for korleis vi organiserer forskarutdanninga vår i Noreg, fortel Bjerknes.
Professor Roland Jonsson ved Gades institutt er fagansvarleg for konferansen. Han er svært nøgd med å ha fått så mange toppfolk til å halde foredrag. –Det er leiarar med forskarutdanning frå fleire europeiske og amerikanske organisasjonar. Dette er toppfolk!
Gler seg til treff i Bergen
Grunnleggaren av ORPHEUS, Zdravko Lackovic frå Kroatia, ser fram til den kommande konferansen.
-Eg har vore i Bergen ein gong før, seier han. –Det er ein vakker og spennande by, ein flott plass å halde konferansen. Vi har jobba i mange år for å få ein felles europeisk standard når det gjeld doktorgradsutdanninga. No har vi fått dette ned på papiret, i samarbeid med AMSE (Association of Medical School in Europe) and WFME (World Federation for Medical Education). Det viktigaste målet med ORPHEUS-konferansen i Bergen vil bli å finne den beste måten å implementere denne standarden rundt om på europeiske universitet.
-Kva er bakgrunnen for ORPHEUS-namnet?
-ORPHEUS er jo eit kjent namn frå gresk mytologi, og eit symbol for musikk. Men ORPHEUS vart også sett på som han som ga menneska sivilisasjon – han lærte vekk kunsten å skrive, dyrke marka og også legekunsten. Han symboliserer den viljestyrke som trengst for å oppnå store resultat i livet – og resultat i medisinsk forsking. I vårt tilfelle står ORPHEUS også for Organisation for PhD Education in Biomedicine and Health Sciences in the EUropean System.
Fag og hygge hand i hand
Ta med ein paraply, står det på nettsidene til ORPHEUS 2012. For det er ikkje meininga at deltakarane skal sitte i ro tre dagar til ende. Konferansen vil innehalde både foredrag, gruppearbeid og presentasjon av ny forsking. Dessutan får ein også høve til å vere sosial, med middagar i Haakonshallen og på Fløyen.
Roland Jonsson understrekar kor viktig det er å treffast ansikt til ansikt av og til. –Det er først når forskarar og andre fagfolk kjem saman og kan dele erfaringar og kunnskap at ein kan finne dei beste måtane å gjennomføre doktorgradsutdanning på. Og dette gjeld ikkje berre under sjølve konferansen, men også ved meir uformelle samlingar, lunsj, middag og den slags, seier han.
-Dette gjev oss nye impulsar, seier Robert Bjerknes. -Samstundes gjev det oss sjansen til å vise fram vår eiga doktorgradsutdanning som vi meiner held svært god kvalitet. Vi vil også nytte høvet til å sette fokus på rekrutteringstiltak som til dømes Forskarlina, og korleis mellom anna ordninga med midtvegsevaluering og forskarskular bidreg til å sikre kvaliteten i doktorgradsutdanninga.
Vil du vere med på leiken, så meld deg på ved å klikke her! http://www.orpheus2012.org/en/practicalinforegistration
Sist endret: 30.1.2012
Nyheter fra Det medisinsk-odontologiske fakultet
- Undervisningspriser 2012 (25.05.2012)
- Centre For Cancer Biomarkers kan få SFF-status (24.05.2012)
- Streiken råkar MOF (24.05.2012)
- Utdanningsprisane 2012 (24.05.2012)
- Åtte institutter kan bli tre (20.09.2011)