Fortsatt plassar på rettleiarseminar
7. november samlast ph.d.-rettleiarar på MOF for erfaringsutveksling og fagleg påfyll.
Det er tredje gong det blir arrangert rettleiarseminar for dei som er rettleiarar for ph.d.- kandidatar på Det medisinsk-odontologiske fakultet.
Det blir både diskusjonar, gruppearbeid og føredrag, og seminaret passar både for erfarne og mindre erfarne rettleiarar. Seminaret er ikkje ope for ph.d.-kandidatar som rettleiar masterstudentar.
Fleire viktige tema blir tekne opp til diskusjon på seminaret, mellom anna kva som er rettleiarane si rolle når den siste artikkelen er akseptert, korleis ein kan førebyggje konflikt og korleis ein som rettleiar kan vise i ord og handling kva som er god forskningsskikk. I tillegg blir det eit innlegg om korleis ein kan få nytte av midtveisevaluering.
Seminaret er ikkje fullt, og ein kan framleis melde seg på. Fristen er 20. oktober. Påmelding til phd@mofa.uib.no
Sist endret: 8.10.2012
Nyheter fra Det medisinsk-odontologiske fakultet
- Film- og fotokonkurranse - vinn 10 000! (30.04.2013)
- Interessert i dobbelkompetanse i odontologi? (02.08.2013)
- Velkommen til nytt semester ved IKO (02.08.2013)
- Nyheter om forsøksdyrdirektivet EU 2010/63 (16.07.2013)
- Disputas: Nanopartikler og celler (01.07.2013)
Relaterte nyhetssaker
- Forsøksdyrlære del 2 pattedyr - LAS 202 (23.05.2013)
- Eksterne kurs (11.02.2013)
- Forskerutdanning (14.12.2012)
- Forskerutdanning (13.12.2012)
- Nye ph.d.-kandidatar ved AHKR 2012 (14.11.2012)
- Forskerutdanning