Hjem
Det medisinske fakultet

Framtidas fakultet vart feira

Tilsette ved MOF stilte mannssterke opp til opningsfest torsdag 3. januar. Dei frammøtte fekk informasjon frå fleire hald, vakker musikk og god mat.

Hovedinnhold

Dekan Nina Langeland helsa velkommen, og losa programmet med stødig hand.

Instituttleiar Nils Erik Gilhus sto for første innlegg, og han snakka om kva som no er potensialet i den nye instituttstrukturen. Det var også presentasjonar av begge SFF-leiarane, Lars Akslen og Halvor Sommerfelt, som fortalde om korleis dei hadde gått fram for å få dei prestisjetunge titlane, og korleis dei skulle jobbe vidare med kreftforsking og mor og born-problematikken.


Pianisten Mai Goto trollbandt salen då ho tok til tangentane og spelte Grieg. Elles fekk tilhøyrarane informasjon frå studentperspektiv, stipendiaten sine synspunkt og frå ulike delar av administrasjonen.


Dagen vart avslutta med feiande Chopin, før det var klart for fingermat og hyggeleg småprat.