Hjem
Det medisinske fakultet

Tid for Falch

Fakultetet ber om framlegg til Falchførelesinga 2013. Samstundes er det tid for å nominere kandidatar til Falchs juniorpris. Kjenner du nokon som kan vere aktuelle? Fristen er 8. februar.

Hovedinnhold

Forslag til Falchs forelesning(The Falch lecture) 2013

 

Fagmiljøa ved Det medisinsk-odontologiske fakultet blir inviterte til å komme med sine framlegg til Falchførelesinga 2013. 

Ramma for tildelinga er kr. 30 000,-. og skal nyttast til å dekke honorar og utgifter til reise- og opphald. 

Retningslinjer for Falchs førelesing:

1. Forslagsstillar er Styret som kan invitere generelt anerkjente forskarar på Nobelprisnivå eller svært høgt internasjonalt nivå til å halde ei gjesteførelesning og/eller seminar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet. 

2. Styret kan invitere ansatte til å komme med framlegg og dokumentere forskingsinnsatsen til den dei foreslår. Kriteria kan vere publisering i prestisjetunge vitskapelege tidsskrift, internasjonale prisar, leiarfunksjonar i tungtveiande og aktive internasjonale vitskapelege samanslutningar og konferansar.

3. Falch Lecturer bør ha samarbeid med eller bidratt på annan måte til forskningsverksemda ved Det medisinsk odontologiske fakultet.

4. Falch Lecturer vil få eit diplom som markerer hendinga.

 

Forslag som blir sendt til okonomi@mofa.uib.no innan 8/2-2013 blir handsama av styret i Søren Falch og øienlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap. Frist 8. februar 2013.

 

 

Søren Falch og øienlæge Sigurd Falchs fonds "Juniorpris for unge forskere" 

Styret for Søren Falch og øienlæge Sigurd Falchs fond for medisinsk videnskap har vedteke å stille til rådvelde ein Juniorpris for 2013 til unge forskarar under 40 år.

Fondet sine statuttar seier at:

  • formålet med juniorprisen er å fremje medisinske vitskapelege arbeid
  • arbeida skal være av stor vitskapeleg eller sosial betyding
  • arbeida kan være frå alle greiner av medisinsk vitskap
  • arbeida skal være fullførte

 

Styret har fastsett prisen til kr 50.000,-

 

Framlegg til kandidatar til prisen kan komme frå instituttleiarar og professorar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet og skal innehalde:

  • kandidaten sin curriculum vitae
  • kandidaten si publikasjonsliste
  • dokumenterte resultat av arbeida
  • fagleg omtale av forslaget (maksimalt to sider)
  • ei beskrivande framstilling av kandidaten sitt arbeid i språkform for det alminnelege publikum (pressemelding)

På grunnlag av fondet sine statuttar tildelast prisen etter desse kriteria:

  1. Djuptgåande, originale arbeid med metodisk kompleksitet.
  2. Forskingsfunn som har ført til anvendte resultat i form av ny eller betra diagnostikk, terapi eller forståing.

 

Forslag som blir sendt til okonomi@mofa.uib.no innan 8/2-2013 blir handsama av styret i Søren Falch og øienlege Sigurd Falchs fond for medisinsk vitenskap.