Om fakultetet
Det medisinsk-odontologiske fakultet vart etablert 1. januar 2008 som resultat av samanslåinga av Det medisinske fakultet og Det odontologiske fakultet. Dei to fakulteta gjekk saman ut i frå eit ønskje om å utvikle oral helse som ein meir integrert del av helseomgrepet og for å kunne tilby meir tverrfaglig utdanning og forsking.
Fakultetet dekkjer eit breitt spekter av forskingsfelt i klinisk medisin, biomedisin og helsevitenskap, og har etablert forskarskular i fem av våre sterkaste forskingsmiljø. Kompetansenivået innafor forsking er høgt, og forskargrupper er etablert innafor eksperimentell kreftforsking, nevrovitskap, kardiologi og sirkulasjon, epidemiologi og vitaminar, med fokus på vitamin B og homocysteine. Høgt kompetente forskargrupper innafor molekylærbiologi, translasjonell, biologisk og klinisk forsking, i tillegg til global helse, er organisert ved fakultetet.
Totalt har Det medisinsk-odontologiske fakultet 1160 medarbeidarar, ca. 1800 studentar og er med med sine over 500 PhD-kandidatar ein av dei største bidragsytarar til forskerutdanninga ved Universitetet i Bergen.
-
-
Fakultetsadministrasjonen
Fakultetsadministrasjonen ved Det medisinsk-odontologiske fakultet har tilhold i Armauer Hansens hus (4.etasje) med mindre annet er oppgitt.