Gå til innhold
English A A A

Lærarmobilitet gjennom ERASMUS-programmet


Lærarmobilitet (Teacher Staff Mobility) er ein av fleire typar mobilitet europeiske utdanningsinstitusjonar kan få støtte til gjennom Lifelong Learning Programme

iB er et universitet med fokus på internasjonalisering.

iB er et universitet med fokus på internasjonalisering.

UiB søker kvart år om midlar frå EU-kommisjonen til tilskott til lærarutveksling gjennom LLP Erasmus. Stipendbeløpet er for tida opp til 800 € per veke *) og blir gitt for å dekke faktiske reiseutgifter og diett/overnattingsutgifter etter EU sine eigne satsar. Dette er ofte ikkje nok til å dekke alle utgiftene og fakulteta vil normalt dekke det overskytande beløpet gjennom sine støtteordningar for internasjonal verksemd.

Frå og med studieåret 2009/10 vil søkarinstans for lærarmobilitet vere internasjonal koordinator på fakultetet (ta kontakt med fakultetet dersom det er uklart kven denne personen er)

Undervisninga skal vere ein integrert del av undervisningstilbodet ved vertsinstitusjonen. Det betyr at mobiliteten må vere basert på ein institusjonsavtale og at partnarinstitusjonane på førehand må ha avklart kva undervisningsprogram læraren er ansvarleg for. Seksjon for internasjonalisering av studier arbeider med å lage ein oversikt over kva som fins av gyldige avtalar om lærarutveksling ved UiB. Det er sendeinstitusjonen som vel ut lærarane som skal delta. Det er ingen krav til minimumslengde på opphalda, men det må undervisast i minimum fem timar. Med andre ord kan all undervisning gjennomførast på ein dag. Maksimum lengde er seks veker.

Søknad om erasmus-lærarutveksling blir å sende i e-phorte frå instituttleiinga til internasjonal koordinator ved fakultetet og må innehalde informasjon om kven som skal dra på utveksling, kvar helst og tidsrommet for utvekslinga.

Andre nødvendige skjema:
Skjemaet Erasmus Teaching Assignment må fyllast ut med føremålet, innhald og forventa resultat av undervisninga. Skjemaet skal underteiknast av den som skal gjennomføre utvekslinga, av institutt/fakultet og av vertsinstitusjonen. Dersom skjemaet er ferdig utfylt og har alle underskrifter så kan det leverast saman med søknaden. I motsatt fall må det ettersendast.

Skjemaet Staff Mobility - Teaching Assignement, Final Report Form må fyllast ut etter fullført utveksling.

Etter utveksling må desse to skjemaene leverast saman med utfylt reiserekning til fakultetskoordinator.

Du kan lese om røynsler med lærarutveksling her.

Lifelong Learning Programme - Erasmus


*) Satsane for diett og overnatting varierer frå land til land. For landa med lågaste satsar kan erasmusstøtta bli mindre enn 800 € for ei veke dersom reisekostnadene også er låge.

 

Sist endret: 22.5.2009

Last ned filer