Klage på eksamen ved Det medisinsk-odontologiske fakultet
Lokale prosedyrar for å klage på karakterfesting og formelle feil ved eksamen
- Grunngjeving for karakter
- Klage på karakterfesting
- Klage på formelle feil
- Korleis klage på karakterfesting
- Ressursar
Grunngjeving for karakter
Du har rett på grunngjeving for karakterfesting før du klagar. Då kan du til dømes få vite om sensor meinar at du ligg på vippen mellom to karakterar. Hugs at du kan gå både opp og ned i karakter etter at klagen er ferdig handsama, og at den nye karakteren vert den endelege.
Fristen for å be om grunngjeving for karakterfesting er ei veke etter at sensuren er offentleggjort. Grunngjevinga kan du be om anten munnleg eller skriftlig ved å kontakte eksaminator/sensor. Sensor/eksaminator vel sjølv om grunngjevinga skal bli gitt munnleg eller skriftleg. Det kan vera verdt å merke seg at ei tilbakemelding på eksamensprestasjonen kan ha stor fagleg læringsverdi sjølv om den ikkje munnar ut i ei klage.
Klage på karakterfesting
Dersom du meinar karakteren du har fått ikkje samsvarar med eigne prestasjonar, kan du levere ei skriftleg klage på karakterfestinga (bruk tilhøyrande skjema). Klagefristen er tre veker etter at sensur er offentleggjort, eller tre veker etter at du har motteke grunngjeving.
Dersom sensuren fell i perioden 20. desember - 2. januar skal fristen byrje å gå frå 2. januar. Fell sensuren i perioden etter 20. juni, men før haustsemesteret byrjar, skal fristen byrje å gå frå måndagen i den veka haustsemesteret tek til.
Ved ny sensurering kan karakteren endrast både til gunst og ugunst for klagar. Ved gruppeeksamen har kvar enkelt student rett til å klage på sensuren. Dei andre studentane som har delteke i gruppa skal bli gitt høve til å uttale seg om alle innkomne klager. Dersom karakteren vert endra etter klagehandsaminga, gjeld endringa for alle studentane i gruppa, også for dei/den som ikkje har framsett klage. Den nye karakteren kan ikkje klagast på, men du har likevel rett på ei grunngjeving.
Karakter fastsett etter munnleg eksaminasjon kan ikkje klagast på, men du kan be om grunngjeving umiddelbart etter at karakteren er offentleggjort.
Det kan vera verdt å merke seg at ein eksamen kan takast på nytt ved neste ordinære eksaminasjon, og i så tilfelle vert den beste karakteren teljande.
Klage på formelle feil
Dersom du meinar at det er gjort formelle feil frå universitet sin side i gjennomføringa av eksamen, kan du levera ei formell skriftleg klage innan 3 veker etter at du burde vera gjort kjent med grunngjevinga for klaga. Sjå kap 5, § 5-2 i Lov om universiteter og høgskoler for meir informasjon om dine rettar samt moglege utfall for deg og eventuelt for dine medkandidatar dersom klaga vert tatt til følgje.
Klaga skal stilast til Den sentrale klagenemnda og sendast til fakultetet.
Universitetet i Bergen
Det medisinsk-odontologiske fakultet Postboks 7804 5020 Bergen
Fakultetets sitt overseningsbrev til klagenemnda vert sendt i kopi til klagar.
Du vil få vedtaksbrev med svar på klaga tilsendt i posten.
Korleis klage på karakterfesting
Klikk her for å laste ned skjema for å klage på karakterfesting.
Ferdig utfylt skjema kan leverast til fakultetet sitt Informasjonssenter eller sendast til:
Universitetet i Bergen
Det medisinsk-odontologiske fakultet Postboks 7804 5020 Bergen
Fakultetet sender skriftleg svar på klaga når resultatet er klart.
Ressursar
I Lov om universiteter og høgskoler finn du vedtekter om eksamen i kapittel 3, § 3-9 “Eksamen og sensur” og i kapittel 5, § 5-2 “Klage over formelle feil ved eksamen” og § 5-3 “Klage over karakterfastsetting – rett til begrunnelse”. Sjå også kapittel 4 i Universitetet i Bergen sitt Grads- og studiereglement § 23 ”Begrunnelse og klage” og § 24 ”Begrensninger i klageretten”.
Har du spørsmål om lovar/reglar knytt til klage på og grunngjeving for karakterfesting, kan du ta kontakt med fakultetet sin studieseksjon:
May K. Skjerlie: May.Skjerlie@mofa.uib.no – tlf. 55 58 68 52 eller Anders B. Sviggum: Anders.Sviggum@mofa.uib.no – tlf. 55 58 63 21
Spørsmål kan også rettast til fakultetet sitt Informasjonssenter i opningstida (måndag – fredag, kl 09.00-14.00). Telefon i opningstida: 55 58 64 00 E-post: info@mofa.uib.no
Sist endret: 11.4.2012