Permisjon ved Det medisinsk-odontologiske fakultet
Lokale prosedyrar for søknad om permisjon frå studia
Treng du ein pause i studia? Då kan du søkje om permisjon for ein kortare eller lengre periode. Hugs at du har plikt til å melde i frå om fråver frå studia, viss ikkje risikerer du i verste fall å miste studieretten din.
- Profesjonsutdanningane og bachelorstudia
- Mastergradsstudiet
- Gyldig grunnlag for permisjon
- Konsekvensar for vidare studie
- Søknadsprosessen
- Ressursar
Profesjonsutdanningane og bachelorstudia
Søknad om studiepermisjon vert berre innvilga for inntil eitt år om gongen, og forlenga permisjon vert berre gitt i særskilte høve.
Studentar på Bachelor i human ernæring, profesjonsstudiet i medisin, odontologi og tannpleie kan i løpet av studietida ha inntil eitt års permisjon utan å spesifisera grunn. Denne type permisjon kan berre bli gitt ein gong i løpet av studiet. Men permisjon av andre grunnar enn tvingande velferdsgrunnar vert ikkje gitt frå profesjonsstudiet i medisin før frå andre studieår, og for profesjonsstudia i odontologi og tannpleie vert ikkje permisjon innvilga før studiepoeng er avlagt på studiet.
Det vil heller ikkje bli innvilga utsett studiestart/permisjon frå obligatorisk oppmøte ved studiestart for nye studentar på grunnlag av lønna/ulønna arbeid, reise og liknande. Ved dokumenterte tvingande velferdsgrunnar samt tvungen verneplikt kan det gjerast unntak frå regelen.
Mastergradsstudiet
På mastergrad kan du få inntil eitt års permisjon frå masterstudiet utan å oppgi grunn før val av oppgåve. Ved permisjon utover eitt år må søknaden grunngjevast. Du kan også etter val av oppgåve få inntil eitt års permisjon når det er faglig velgrunna. Ved permisjon etter desse reglane skal masterkontrakten og rettleiingskontrakten bli endra tilsvarande. Merk at Programutvalet kan innvilge eller avslå søknad om permisjon.
Gyldig grunnlag for permisjon
Ved fødsel skal permisjon bli innvilga i samsvar med § 4-5 i Lov om universiteter og høyskoler. Vidare går det fram av § 10 i Universitetet i Bergen sitt Grads- og studiereglement at du kan få permisjon for kortare eller lengre periodar dersom det føreligg tvingande velferdsgrunnar, slik som eigen sjukdom, sjukdom til ektefelle/registrert partner/sambuar, sjukdom til eigne born, sjukdom til ektefelle/registrert partner/sambuar sine born, sjukdom til foreldre, tvungen verneplikt, omsorg for eigne born i samband med adopsjon, tyngande verv i studentpolitiske organ og liknande, eller av andre viktige velferdsgrunner. Permisjon kan også bli gitt av faglige omsyn.
Konsekvensar for vidare studie
Dersom permisjon vert innvilga for eit heilt semester er du friteke frå å betale semesteravgift. Etter regelen er det ikkje mogleg å ha undervisning og avlegge eksamen ved Det medisinsk-odontologiske fakultet i permisjonstida.
Fakultetet gjer merksam på at dersom det vert gitt permisjon frå eit profesjonsstudium med kullstruktur, her medisin, odontologi og tannpleie, kan det ikkje garanterast plass på det aktuelle kullet når permisjonen er over dersom det ikkje føreligg dokumenterte tvingande velferdsgrunnar.
Det er viktig å merke seg at det er maksimal studietid for alle studieprogram ved Det medisinsk-odontologiske fakultet (jfr. Det medisinsk-odontologiske fakultet sine utfyllande reglar til § 6a i Universitetet i Bergen sitt Grads- og studiereglement). Permisjonar/tilrettelegging med bakgrunn i sjukdom eller andre tvingande velferdsgrunnar kan gi rett til å overskride dei ytre tidsrammene.
Medisin: Maksimal studietid er 9 år for A-kull og 9 ½ for B-kull, til saman 3 år utover normert studietid. For forskerlinjestudentar er maksimal studietid forlenga med eitt år. Maksimal studietid i studiets preklinikk skal ikkje overskride 2 år utover normert tid, det same gjeld for studiets klinikk.
Ernæring, odontologi og tannpleie: Maksimal studietid er for Bachelor i human ernæring 5 år, for Bachelor i tannpleie 5 år, og for Integrert masterstudium i odontologi 8 år. For forskerlinjestudentar i odontologi er maksimal studietid forlenga med eitt år.
Master: Maksimal studietid for masterstudia er tilsvarande 4 års heltidsstudium. Ved permisjon lengre enn eitt år kan programutvalet i samråd med rettleiar vurdera om det skal bli gitt ei ny oppgåve.
Søknadsprosessen
Det er ikkje fastsett ein frist for søknad om permisjon, men det er tilrådeleg å søkje i god tid før planlagt permisjon.
For studieprogramma i medisin, odontologi, tannpleie og human ernæring skal Det medisinsk-odontologiske fakultet stå som mottakar av søknaden. Søknaden kan anten leverast i Informasjonssenteret eller sendast til:
Universitetet i Bergen
Det medisinsk-odontologiske fakultet Postboks 7804 5020 Bergen
Permisjonar som er innanfor ei veke vert avgjort av emneansvarlig på det aktuelle instituttet og følgjeleg skal instituttet stå som mottakar for kortare permisjonssøknadar.
Søknad om permisjon frå masterstudiet skal sendast til instituttet som tilbyr masterstudiet.
Hugs å opplysa om kvifor du søkjer om permisjon, samt leggje ved dokumentasjon, dersom relevant for søknaden din!
Vedtaksbrev med svar på søknaden om permisjon vert sendt i posten.
Ressursar
Du vil finne vedtekter om permisjon i Universitetet i Bergen sitt Grads- og studiereglement kapittel 3, § 10 ”Permisjon”. Sjå også kapittel 2, §6a ”Endringer i utdanningsplan; studieprogresjon”. Lov om universiteter og høyskoler kapittel 4, § 4-5 ”Rett til fødselspermisjon” regulerer retten til fødselspermisjon.
Spørsmål om permisjon kan rettast til fakultetet sitt Informasjonssenter (måndag – fredag, kl 09.00-14.00). Telefon i opningstida: 55 58 64 00 E-post: info@mofa.uib.no
Sist endret: 11.4.2012