Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Ny bok

Valdelege kvinner og passive menn

Vald frå kvinner mot menn er vitsemateriale, medan vald frå menn mot kvinner ikkje er noko ein ler av. Tove Fjell, professor i kulturvitskap, har nyleg gitt ut bok om noko som framstår som absurd: partnarvald mot menn.

framside av bok
Foto/ill.:
Magnus Halsnes

Hovedinnhold

«Vitsesjangeren gir mulighet til å kommunisere noe som oppfattes som absurd. Denne boken skal handle om dette som framstår som absurd, nemlig partnervold mot menn», fortel professor Tove Fjell i innleiinga av Den usynliggjorte volden, som nyleg kom ut på Akademia forlag.

Det fins få empiriske skildringar av korleis menn opplever partnarvald, og det er nettopp difor Fjell ynskjer å gje akkurat dette stor plass i boka. Korleis ser menn som er utsatt for partnarvald frå kvinner si eiga rolle?


Fjell har to uttalte mål med boka. Det eine er å redusere det ho kalla ein blind flekk i forskinga på partnarvald og bygge ned eit einsidig bilete av mannen som utøvar av partnarvald og kvinna som mottakar. Det andre er om desse forteljingane til menn kan ymte frampå ei endring i korleis vi forstår omgrepet hegemonisk maskulinitet.

Narrative erfaringar

Fjell har snakka med totalt 11 menn over 20 år som alle har opplevd vald frå sine kvinnelege sambuarar eller ektefeller. I eit intervju med På Høyden fortel Fjell at sjølv om studia ikkje er statistisk representativ, kan den gje eit bilete av erfaringane til menn som har vore utsett for partnarvald. Intervjua er, ifølgje Fjell, subjektive og dei vil ikkje vere gyldige som vitneforklaringar, men dei formidlar erfaringar om korleis informantane forstår seg sjølv og si rolle som ein partnar utsatt for vald. På den måten kan intervjua kanskje vise kva problemstillingar ein kan vente å finne i eit lite studert felt.

For Fjell var det vanskeleg å finne informantar. Få menn melder partnarvald til politiet, og ho ynskte ikkje å involvere menn som bur på krisesenter grunna den akutte situasjonen deira. Det var gjennom ei annonse på Reform – ressurssenter for menn sine heimesider at ho fekk kontakt med dei fleste informantane sine. Nokre av desse har trekt seg undervegs av frykt for at historie deira skal bli kjent att.

«Man bare tar i mot og håper det går over»

I boka skriv ho mellom anna at lite av valden mot menn er fysisk, men at den er langt frå ikkje-eksisterande, og at sjølv om dei grove hendingane er få, viser den mindre alvorlege fysiske valden seg desto oftare.

For Fjell sine informantar var det enklare å forholde seg til den grove, fysiske valden enn den psykiske:

«I motsetning til psykisk vold, som både kan være lite synlig og vag, er fysisk vold synlig, gjenkjennelig og lett å ta avstand fra, både for den som utsettes, og for omgivelsene.» 


Informantane formidla likevel ikkje den fysiske valden som fysisk farleg, og det var omgjevnadane som uroa dei mest: born, helse og å unngå å ta att. Dei kunne forsvart seg dersom det var trong for det, men tanken på at «en mann som slår, har ikke en sjanse, verken hos politi eller i en rettssak».


Boka tar elles føre seg forskjellige sider av partnarvald mot menn, mellom anna korleis dette blir framstilt av andre enn dei involverte. Eit døme er korleis media sparsamt formidlar nyhende der menn sannsynlegvis har vorte utsett for partnarvald. Eit anna døme ho trekk fram som kan vise det komiske med kvinner som utøver vald mot menn, er teikneserien Fiinbeck & Fia frå 1913 som framleis blir seld som julehefte.