Hjem
Aktuelt
Nyheter

Fem svar om bakgrunnen for Syria-krigen

Vanskeleg å følgje med på den siste utviklinga i Syria? Les desse fem punkta om bakgrunnen for krigen.

Syria i 2018

SYRIA: Kartet syner kven som i hovudsak kontrollerer ulike område i Syria no. Assad-regimet i raudt, opprørsgrupper i grønt, kurderane i gult og IS i svart. Kart henta frå Google Earth.

Hovedinnhold

I Syria har regjeringa den siste månaden trappa opp kampen mot opprørsstyrkar i regionen Aust-Ghouta, det siste området i nærleiken av den syriske hovudstaden som har vore kontrollert av opprørarar. 

– Krigen i Syria er den verste i Midtausten på generasjonar, seier Knut Vikør, professor i historie ved UiB

Her går han gjennom fem spørsmål som rører ved hovudtrekka i bakgrunnen for krigen.

1. Kva land er Syria?

Syria ligg i Midausten, med grenser til Tyrkia i nord, Irak i aust, Jordan og Israel i sør, og Libanon i sørvest. Landet grensar til Middelhavet i vest.

– Syria som eit område er svært gammalt og går tilbake til oldtida, men den moderne staten Syria oppstod etter andre verdskrig, og republikken Syria vart oppretta med sine noverande grenser i 1946, seier Vikør.

Før krigen budde det 22 millionar menneske i Syria, men store deler av befolkninga er på flukt i eller utanfor landet, og mange har blitt drepne i løpet av dei sju åra krigen har vart.

Tala er usikre, men FN estimerte i 2017 at omlag 5 millionar har flykta ut av Syria, meir enn 6 millionar er på flukt i Syria, og over 13 millionar menneske har behov for humanitær hjelp i landet.

Befolkninga er i hovudsak arabisk, i tillegg til kurdarane som er konsentrerte i eit område mot grensa til Tyrkia. Dei fleste, mellom 70 og 80 prosent, er sunnimuslimar.

– Når ein snakkar om sjiamuslimar i Syria, meiner ein eigentleg alawittar, men dette er fyrst og fremst ei etnisk gruppe som utgjer rundt 10 prosent av befolkninga, seier Vikør.

– Syrias president Bashar al-Assad og hans nærmaste er alawittar. Eigentleg er Assad-regimet ikkje opptatt av religion, men presidenten i Syria må vere muslim, og alawittane har difor blitt aksepterte som sjiamuslimar, sjølv om dei er fjerne frå dette. "Ekte" sjiamiuslimar er det nesten ingen av.

Før krigen rekna ein med at rundt 10 prosent av befolkninga var kristne, men mange har forlate Syria, og det er langt færre no.

2. Kven er i krig?

Ein kan dele krigen i Syria inn i tre krigar, seier Vikør. Den fyrste er krigen mellom opprørarane og Assad-regimet med president Bashar al-Assad.

– Assad-familien tok makta i eit militærkupp i 1970, leia av far til den noverande presidenten. Dei styrte med hard hand fram til faren døydde i 2000, då sonen tok over. I 2011 begynte folk å protestere og gjere opprør mot Assad-regimet for å få eit meir demokratisk styresett. Dette er ein del av krigen me no ser i Øst-Ghouta, mellom regimet på den eine sida og ulike opprørsgrupper på den andre. Opprørarane er både religiøse og ikkje-religiøse grupper, som delvis samarbeider og delvis er i konflikt med kvarandre.

Ei gruppe skilde seg ut og ville ha eit eige oppgjer. Desse var knytt til Al-Qaida, men braut ut fordi dei ikkje berre ville ta over Syria, men lage eit islamsk kalifat. Gruppa skulle seinare bli kjent som IS.

– Dei skil me ut fordi dei slåst like mykje mot opprørsgruppene som mot regimet. Dei andre gruppene vil framleis gjerne ha støtte frå Vesten, men ikkje IS.

– Den andre krigen i Syria er altså krigen mellom IS og alle andre. Her har USA blanda seg inn. Dei har konsentrert seg om å slåst mot IS, og delteke lite i den andre kampen mellom opprørarane og regimet. Krigen mot IS i Syria er stort sett over no, etter at regimet marsjerte mot IS-området frå sør, og kurdarane og USA frå nord. IS som territorium eksisterer nesten ikkje lenger, dei har berre att nokre små lommer. Men dei er der framleis som terroristar, og ein kan framleis få IS-angrep i Syria, seier Vikør.

Den tredje konflikten i Syria er mellom kurderane og i hovudsak Tyrkia.

– Kurderane nytta høvet, når det fyrst var kaos, til å kjempe for sjølvstyre, og dei har no kontroll over eit stort område i nord. Dette er alle dei andre imot. Arabarane vil at Syria skal vere eit samanhengande land, og IS har villa hatt Syria som eit arabisk kalifat. Denne tredje krigen er ei eiga konflikt, som ikkje har så mykje med dei andre konfliktane å gjere. Her har det skjedd ting i det siste, ved at Tyrkia har marsjert over grensa, og prøver å kjempe mot kurderane der.

3. Kvifor er konfliktane i Syria så vanskelege å løyse?

Krigen i Syria har vart svært lenge, i sju år. Der det har vore kamphandlingar har det vore total destruksjon, seier Vikør. Talet på menneske på flukt er svært stort.

– At krigen har vara så lenge skuldast at ingen har fått militær overmakt. Staten har ikkje klart å slå ned opprørarane, og når det gjeld opprørarane er dei svært splitta. Det starta med eit ganske spontant opprør, gruppene har slåst mykje kvar for seg, og dei har ikkje hatt noko felles leiar. Opprørarane venta nok dei skulle få støtte frå USA og Vesten, men den vestlege støtta har vore moderat. Men ei anna stormakt, som har vore villig til å involvere seg, er Russland. Saman med støtte frå Iran, har dette gjort regimet i stand til å vinne fram.

4. Kva er Russland og USA sine roller i krigen?

Russland er lojale mot statsmakta i Syria. Mellom anna sender dei våpen til regimet, og dei har blokkert forslag i FN som har kunne skade Assad.

– Sett frå min ståstad verkar det som at Putin ser ein moglegheit til å bevise at Russland spelar ei rolle på verdsarenaen, medan USA har vore uvillige til å gripe inn. Russland såg at ved å ta klar stilling kunne dei syne at dei sit med løysinga, og dei har i mykje større grad blitt ein uomgjengeleg deltakar i eit stort internasjonalt drama. Men at Russland involverer seg, skuldast sjølvsagt fleire ting. Regimet i Syria har ei lang historie med støtte frå Sovjetunionen, og Russland har ein marinebase i Syria som dei gjerne vil ta vare på.

Når det gjeld USA si rolle, har entusiasmen vore laber for å gå inn i ein tredje krig etter Afghanistan og Irak, og ein har hatt lite støtte for dette hos folket, seier Vikør.

Ifølgje Vikør var dette også ei politisk vurdering under Obama sitt styre i USA. Ein ville ikkje støtte Assad, men ein visste heller ikkje kven andre ein eventuelt skulle ha sett inn til å styre i Syria.

– På denne tida dominerte islamske grupper, og å støtte til dømes nokon med bakgrunn i Al-Qaida var utenkeleg, samtidig som at det var einigheit om at eit samarbeid med regimet også var utenkeleg. USA har gitt støtte til nokre område kontrollert av opprørarane i Den frie syriske hæren, men ein klarte ikkje lage ein slagkraftig front her. Desse områda høyrer me lite om, og det har vore våpenkvile her i fleire år, seier Vikør.

5. Kva skjer framover, kva moglegheiter finst det for ei løysing?

– No ser det jo ut til at opprørarane i Ghouta er i ferd med å bli nedkjempa, under samla press frå Russland, Iran og regimet. Nokre av opprørarane vil evakuere til dei siste områda som framleis er under kontroll av opprørarane, slik som Idlib i Nordvest-Syria, der ein kanskje kan vente at det same som no skjer i Ghouta også vil skje.

– Slik det ser ut, er det derfor mest sannsynleg at regimet vil vinne krigen mot opprørarane. Men når det gjeld forholdet mellom kurdarane og regimet, er det umogleg å gjette kva som kan skje. Ein kan teke seg at Russland og USA pressar partane til ei kompromissløysing, til dømes ved at kurdarane trekker seg tilbake til eit mindre område i bytte mot at dei får ha ein slags autonomi. Men Tyrkias offensiv inn i det kurdiske området Afrin, i allianse med syriske opprørsstyrkar, gjer dette vanskelegare.

– Det er mogleg å tenke seg at ein får til ein avtale som Tyrkia kan akseptere, men inntil vidare er dei opptatt av å slåst. Regimet har ikkje sagt noko anna enn at dei vil ta att kontroll over heile Syria. Det kan bli ille, det kan vere stormaktene pressar fram ei løysing, men det kan også starte ein ny krig.

– Kva tidsperspektiv snakkar ein om?

– Krigen har vart i sju år, og det vil overraske meg viss ein klarar å få ei løysing med det fyrste. Ting kan skje plutseleg, og ting kan stå stille i årevis. For oss som ser krigen frå utsida er det vanskeleg å vite, ein må berre vente og sjå.