Hjem
Aktuelt
Forskingsmidlar

UiB i teten i forskingsmidlar frå EU

Universitetet i Bergen har høgast suksessrate i Noreg i den tøffe konkurransen om støtte frå Horisont 2020, det største forskingsprogrammet i verda.

Illustrasjonsbilete, blodcelle
HØG SUKSESSRATE: Universitetet i Bergen gjer det skarpt i kampen om forskingsmidlar gjennom EU sitt åttande rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020. Illustrasjonsbilete.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Ifølgje tal frå Forskingsrådet har Universitetet i Bergen (UiB) lukkast med 16 av sine 68 søknadar til Horisont 2020 (H2020), EU sitt største forskings- og innovasjonsprogram nokon sinne (sjå faktaboks). Dette gjev ein suksessrate på 23,5 prosent, mot 12,5 prosent nasjonalt. Tala frå Forskingsrådet viser at norske institusjonar generelt gjer det godt i konkurranse om forskingsmidlar frå EU.

Om ein samanliknar UiB sin suksessrate med dei internasjonale søkartala, scorar UiB også her langt over snittet. Suksessraten for søkarar i heile H2020-området er på om lag 14,5 prosent.

I alt er det 16 prosjekt der UiB har fått støtte gjennom H2020.

 

Over 90 millionar til UiB

Prosjekta UiB har vunne fram med har i alt fått ei støtte på 10,5 millionar euro, eller litt over 90 millionar norske kroner. I følgje tala frå Forskingsrådet er norske prosjekt til saman støtta med 33,8 millionar euro gjennom H2020.

Forskingsprosjektet ULTRADIAN er koordinert av professor Eystein Husebye ved Klinisk institutt 2 ved Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF) ved UiB, og vart i januar 2015 tildelt om lag 55 millionar kroner i støtte frå H2020.

Tidlegare har det tverrfaglege forskingsnettverket MiND og prosjektet Aging Lungs in European Cohorts (ALEC) fått H2020-støtte. I begge desse er UiB med som partner. Dermed har MOF tre prosjekt som har vunne fram i den beinharde konkurransen om EU-midlar.

 

Medisinforskarane satsar tungt

Dekan ved MOF, Nina Langeland, trur mykje av grunnen ligg i at fakultetet har satsa tungt på forskingsrådgjeving. Fakultetet har eit halvt årsverk per institutt som mellom anna arbeider med å finna utlysingar som passar til det forskarane har kompetanse på og å finna rette samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt. Rådgjevarane bidreg også i sjølve søknadsskrivinga, som er ein lang, tung og byråkratisk prosess.

– Forskingsrådgjevarane våre er ein del av ein langsiktig strategi om å søkja midlar, og dei har lukkast. Men ikkje minst har vi flinke forskarar med gode nettverk i Europa, fortel Langeland.

 

Byggar internasjonale nettverk

H2020 er EU sitt største forskings- og innovasjonsprogram nokon sinne, og på sju år skal det delast ut 80 milliardar euro. Dekanen peiker på at midlar frå H2020 tyder meir enn berre pengar, og også er viktig for omdømet til UiB og forskingsmiljøa her.

– Forskingsprosjekt med Horisont 2020-støtte vert del av gode og store internasjonale nettverk. Det er vel så viktig som pengane, meiner Langeland.

Ho fortel at fakultetet ikkje har sett seg konkrete mål om kor mange prosjekt dei vil ha støtte til, men at dei arbeidar aktivt for å hente inn endå meir forskingsstøtte frå EU og H2020.

– Så langt har vi skrive mellom 50 og 60 søknadar, dei er til vurdering no. Eg trur vi kjem til å få fleire tilslag, seier ein optimistisk dekan.