Hjem
UiB Alumni

Takksam for tida i universitetsbobla.

Gunnhild Øyehaug er forfattar og lektor i litteraturvitskap og underviser ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho har gjeve ut ei rekke prisbelønna bøker som tar utgangspunkt i universitetsmiljøet i Bergen.

Hovedinnhold

Eg er eigentleg takksam for den perioden då eg levde i universitetsbobla.






Kva er det med universitetsmiljøet som gjer det så utmerka for romanskriving?

Universitetsmiljøet høver godt som utgangspunkt for romanar fordi ein roman er så plastisk i forma at han kan få tak i breidda i det spekteret av tankar, kjensler, menneskeleg drama, spisse albogar, håp, kvalme, lengt etc. som ofte utspelar seg i miljø der mange menneske er samla, og prøver å oppnå noko. Men det betyr ikkje at universitetsmiljøet ikkje er eigna som utgangspunkt for diktskriving.

Kva er det beste og verste med akademia?

Det beste for meg er rommet til å fordjupe seg i noko, og tida ein har til det, medan ein studerer. Det som tiltalte meg minst, var kanskje det akademiske språket, men til og med det blei interessant etter kvart.  

Kva er ditt beste minne frå studietida?

Det aller beste minnet mitt er orienteringsmøtet for allmenn litteraturvitskap hausten 1996. Eg kjende ingen i Bergen og var spent på kor mange som kom til å vere der, eg tenkte at det kanskje kom til å vere sju-åtte stykker. Og så var der hundre. Og eg hugsar enkeltforelesingar med stor glede, ikkje heile forelesingane sjølvsagt, men eg hugsar kjensla av å få opna auga. 
 
Ville du alltid bli forfattar?

Ja, sidan eg var barn. Eg ville også bli professor i språkhistorie, men det blei eg ikkje.

Kva for ei bok skulle du ønske du hadde skrive?

Eg skulle ønske eg kunne skrive som Virginia Woolf, men det kan eg ikkje. Det er ikkje så mange bøker eg skulle ønske eg hadde skrive, men dei gode bøkene som verkeleg gjer inntrykk, set nok preg på måten ein skriv, uansett, trur eg. 

Kva skulle du ønske du visste då du var student?

Tja, kanskje hadde det vore bra å vite meir om livet etter studia, at det faktisk finst, og at lånekassen faktisk ventar på deg. Som eg skulle ha sagt til meg sjølv då eg gjekk på ungdomsskulen: det finst eit liv som ventar på deg etter dette, og det kjem til å vere heilt, heilt annleis. Og det er fint. Men samtidig er det ein del av måten livet utspelar seg på. At ein forstår litt og litt meir. Og eg er eigentleg takksam for den perioden då eg levde i universitetsbobla.   
 
Kva handlar ditt neste prosjekt om?

Det handlar om menneske i handling. 
 
Nevn to ting som dei færraste veit om deg...

Eg synest sjølv det er litt utruleg at eg kan stå på snowboard. Eller kunne. Eg tippar også det er få som veit heilt nøyaktig kva eg tenkte då eg gjekk oppover bakkane i Mont St Michel i Frankrike då eg var 19.