Hjem
Institutt for sosialantropologi
antropologer i arbeidslivet

Samfunnsplanleggjar i Bømlo kommune

Alf Helge Greaker skreiv master om urbanisering, byutvikling og planlegging, og gjorde feltarbeid i tidlegare Fjell kommune. Han valgte tema for masterprosjektet heilt spesifikt med ein planleggingsjobb i sikte, og gjekk til stillinga han har no etter omkring eit halvt år etter innlevering av master.

Hovedinnhold

Samfunnsplanlegging handlar mykje om å vere kjent med lokalsamfunnet og "landsbylivet" og vere ute i feltet rett og slett. Eg er veldig utviklings og ide-orientert så for ein antropolog er alt dette midt i blinken!

Fullført grad: 2016

Kan du fortelja litt om arbeidet ditt? Kva er dei konkrete arbeidsoppgåvene dine?

Eg har ansvar for kommunen sine overordna planar, som kommuneplanen sin samfunnsdel, arealdel og planstrategi. For slike planar er medverknad frå lokalbefolkninga og dialog med alt i frå næringsliv, lag- og organisasjonar samt barn og unge ganske sentralt. I tillegg har eg vore involvert i ei masse andre tema og prosjekt slik at ein kan kjenne seg ganske hybrid og jobbe med alt i frå å vere teknisk tegner, sentrumsutviklar, eigedomsutviklar, konferansier, klimarådgjevar, kulturarbeidar, lokalhistoriker, observatør, næringsrådgjevar, sikre medverknad frå barn- og ungdom, arkitektur og delta i forskingsprosjekt om til dømes berekraftsarbeid.

Kva er det beste med jobben din – og det mest utfordrande? 

Eg har stor fridom i stillinga til å jobbe og eksperimentere med både tema og metoder. Planar skal vere "levande" dokument og stadig vere oppdaterte. Samfunnsplanlegging handlar mykje om å vere kjent med lokalsamfunnet og "landsbylivet" og vere ute i feltet rett og slett. Eg er veldig utviklings og ide-orientert så for ein antropolog er alt dette midt i blinken.

Det mest krevjande er ressursbehovet i kommunen. Det er veldig få folk til å gjere ein masse arbeid som me så gjerne skulle ha gjort.

Har du hatt andre stillingar/jobbar etter endt utdanning? 

Eg jobba allereie fullt ved sida av studiene i alle år, men eg gjekk til denne stillinga eg har no etter omkring eit halvt år etter innlevering av master (skjønt med alle dei ulike arbeidsoppgåvene kjennes det av og til ut som eg har hatt, og har, fleire ulike stillingar :-) )

Kva skrev du bachelor- og/eller masteroppgåve om?

Eg skreiv master om urbanisering, byutvikling og planlegging med feltarbeid i tidlegare Fjell kommune utanfor Bergen (no, del av Øygarden kommune). Med utgangspunkt i urbaniseringsplanane der, gjorde eg "heime hos"-feltarbeid hos barnefamiliar i tillegg til å snakke med til dømes politikarar og engajserte personar. Allereie på bachelorstudiet skreiv eg om eit beslekta tema då eg samanlikna historisk nærmiljø i Nordnes bydel i Bergen på 70-talet og eit moderne nabolag i Tokyo, Japan. Då eg gjorde litt meir bakgrunnsarbeid fram mot master oppdaga eg at det var gjort relativt lite norsk, antropologisk arbeid om det urbane kvardagsliv.

Korleis er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?

Eg valde mastertema heilt spesifikt med ein slik planleggingsjobb i sikte. Det viste seg å vere ein svært god ide fordi 1) det er mangel på offentlege planleggjarar 2) mange andre i slike stillingar har ofte ein meir teknisk bakgrunn som ingeniør, arkitekt så antropologer skil seg positivt ut. Arbeidet har ei tung, samfunnsfagleg slagside 3) få (om nokon?) andre yrkesgrupper kan syne til tilsvarende nøkkelkompetanse som feltarbeid og deltakande observasjon over tid 4) Antropologien er tverrfagleg nyttig , noko plansektor i stadig større grad legg vekt på, ikkje minst i arbeidet med å implementere FN sine berekraftsmål.

Korleis opplevde du overgangen frå studium til arbeidsliv? Har du nokre tips til noverande studentar? 

Syntes overgangen var "glidande" siden eg nesten følar at eg fortsatt er på feltarbeid. Då eg søkte på slike jobbar etter master starta eg og mitt eige analyseforetak, Amicus Byanalyse, og hadde starta på ei skisse til eit forskningsprosjekt. Det tok seg og godt ut på et jobbintervjuet. I tillegg prøvde eg å vere aktiv i relevante media som antropolog.

Kvifor valde du å studera sosialantropologi?  

Reise rundt i verda har alltid vore ei sterk interesse. Eg var alltid i jobb ved sida av studiane, og brukte mykje tid og pengar på å backpacke og slite ut pass. Nokon blei kanskje litt overraska over at eg valde meg feltarbeid på Sotra og ikkje Tuvalu, Chicago eller Mexico. Eg gifta meg og fekk to av tre barn mens eg gjekk på master og, som gjorde meg litt meir heimekjær. Men eg har alltid likt norsk antropologi og monografiar som til dømes Marianne Gullestad sine skildringar.

Kva synest du var det beste med studietida ved UiB?

Den faglege valdfridomen og moglegheita til å vere student som vaksen! Studiemiljøet og byen er heilt fantastisk og pregar ein for resten av livet.

Andre kommentarar?

Ikkje forhast deg. Og tenk tverrfagleg på bachelor. Ikkje sjå deg blind på SV og HF-fag. Ein antropolog med til dømes helsefagleg bakgrunn, eit år eller to frå BI, NHH, språkfag som tysk for næringslivet eller idrett- og fysio frå ein høgskule, blir ein unik og god antropolog.

 

Publisert første gong 2017. Oppdatert 2024.