Hjem
Institutt for sosialantropologi
utveksling

Antropologistudiar i København

Det gode omdømet til antropologimiljøet i Danmark sin hovudstad fekk Fartein til å droppe ideen om at ein må reise til andre sida av verda for at utveksling skal vere noko vits. - København har vist seg å vere ein fantastisk by med mange ulike kulturinntrykk, skriv han.

Fartein Nilsen i København
Fartein H. Nilsen er på utveksling i København hausten 2017. Han er UiB Ambassadør og bloggar med jamne mellomrom om studiekvardagen i Danmark sin hovudstad.
Foto/ill.:
Fartein Hauan Nilsen

Hovedinnhold

Studiemiljø og -tilbod som trekkplaster

Eg ville reise på utveksling for å oppleve noko nytt og stifte nye venskap. Utveksling er noko eg har vilja gjere sidan eg byrja på bachelorgraden min, men eg har ikkje alltid vore like sikker på akkurat kor eg ville reise. Eg hadde ein fiks ide om at eg måtte reise til andre sida av verda for at det skulle vere verdt det, men samstundes ville eg gjerne oppleve korleis det var å vere Erasmus-student i Europa. Det vart til slutt til at eg valte utveksling hjå Københavns Universitet sidan eg hadde høyrd mykje bra om både studiemiljøet og studietilbodet hjå instituttet der.

Danmark er, som dei observante der ute kanskje veit, ikkje på andre sida av verda, men eg bestemte meg for at studietilbodet var viktigare for meg enn den eksotiske faktoren. København har vist seg å vere ein fantastisk by med mange ulike kulturinntrykk, og det var så absolutt verdt det å reise på utveksling her.

Aktive antropologistudentar

Eg tek fire fag her i København og har forelesingar måndag, onsdag og fredag. Kvar av forelesingane er på tre timar, men dette trur eg er grunna mangelen på seminar. Desse tre timane vert nytta som både forelesing og seminar i eitt. Det er mykje meir fokus på at studentane skal vere aktive i forelesingane her. Dette kjem til utrykk i dei mange presentasjonane det er forventa at me skal gjere. Kvar student må vere med på minst ein presentasjon av eit av temaa innan emna ein tek i løpet av semesteret. 

Dei fire emna eg tek er som følgjande: "Protest, Resistance, Rebellion and Revolution", "The Anthropology of Migration - introductory course", "Organizational Anthropology" og "Visual Anthropology". Det første emnet er ei innføring i ulike formar for motstand både historisk og i samtida sett med eit antropologisk perspektiv. Det andre emnet er ei innføring i migrasjon og alle faktorane som førar til det samt problematikken kring det. I det tredje emnet får me ei innføring i det som òg kan kallast for 'business anthropology', det er rett og slett ei innføring i ulike måtar å studere organisasjonar på. Til slutt, i det fjerde emnet lærar me korleis å analysere og å lage etnografisk film.

Bustad i Danmark sin hovudstad

Det mest utfordrande med å reise på utveksling til København var definitivt det å finne seg ein stad å bu. Her må eg nesten kritisere Københavns Universitet litt sidan dei var veldig lite behjelpelege når det kom til akkurat dette. Eg kunne heldigvis forstå og gjere meg forstått på dansk og hadde difor eit overtak over mine internasjonale medstudentar på den private leigemarknaden, men eg måtte leite lenge før eg fann ein utleigar som var villig til å ta meg inn. Dei fleste såg ut til å berre ville leige ut til kvinnelege leigetakarar, eit krav eg rett og slett ikkje kunne innfri. Han eg leigar hjå har seinare fortalt meg at han fekk kring 200 svar på annonsen sin i løpet av kort tid og at det var reint slumpehell at han valte nettopp meg.

Å navigere seg i det ukjende

Når ein reiser på utveksling så lærar ein fort å etablere eit nytt sosialt nettverk. Ein vert òg særs god på navigere seg i det ukjende og verda verkar kanskje ikkje så stor og skummel som ho gjorde før. No reiste jo eg til Danmark, så det store kultursjokket vart det ikkje, men ein lærar seg å akseptere at folk kanskje tenkjer litt annleis frå det ein er van med heime i Noreg. Om ein ikkje innser det trur eg ein rett og slett ikkje ville hatt det så hyggeleg på utveksling.

Mykje spanande rett over Kattegat!

Til alle dykk som vurderer å reise på utveksling; hopp i det! Dette er ein gylden mogleik til å oppleve korleis livet er utanfor Noreg! Litt planlegging må sjølvsagt til, men det treng ikkje vere så vanskeleg. Eg rådar difor folk til å ha ei viss aning over kor dei vil slik at det er mogleg å spare litt pengar og lage eit budsjett for opphaldet. Det er utruleg kjipt å ikkje kunne gjere ting grunna pengemangel.

Om nokon vurderer å reise til København så rådar eg dei til å byrje å leite etter ein stad å bu så tidleg som mogleg. Det vil spare deg for mykje stress når det byrjar å nære seg semesterstart. Ein treng ikkje å reise så langt for at det skal vere spanande på utveksling, det er mykje spanande som skjer her rett over Kattegat!