Hjem
Universitetshagene
BOTANIKK

Novembersopp som likar seg i høgda

Dag Olav Øvstedal

Bilde av den lille soppen Mycena pseudocorticola på almebark
Mycena pseudocorticola på alm i Nordnesparken.
Foto/ill.:
Dag Olav Øvstedal

Hovedinnhold

Dei store almetrea i Nordnesparken i Bergen er om lag 120 år gamle, og har ein sprukken bork kor mange ulike epifyttar likar seg, mest mose og lav, men og ei bregne (sisselrot). Slike mose- og lavkledte trestammar verkar tidlause, men ein gong i året dukkar det opp, i nokre få dagar, eit nytt innslag, nemleg ein liten hattsopp, 5-10 mm høg. Det er ein art av slekta Mycena, M. pseudocorticola.

Slekta Mycena har 101 artar her i landet (talet aukar stadig), og er ein av dei mest vanlege hattsoppane du kan treffa på, men dei er ikkje matsoppar, til det er dei for små. Dei fleste er spesialistar på ein type voksestad, eller habitat om en vil og dei er alle saprofyttiske, det vil seie at dei lever på daudt organisk materiale. Ei lita gruppe av Mycena-artane veks på levande trestammar, og hit høyrer M. pseudocorticola. Daud bork og daude rester av mosar og lav er det saprofyttiske livsgrunnlaget.

Det er i oktober og november at denne soppen dukkar opp, men det må ha regna i nokre dagar, i tørre periodar eller når det er frost kjem han ikkje fram.

Det er ein spesiell seksjon av Mycena som har artar som veks på trestammar, her i landet med fem artar, og M. pseudocorticola har ein tvillingart, M. corticola, som er nokså lik vår art, men med litt raudare hatt og mykje lenger celler i borken på foten. Den er ikkje sett i Bergen. Dei andre artane i seksjonen veks på bartre.

Mycena pseudocorticola er også kjend frå nokre andre stader i Hordaland.