Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Mari Heggernes Eilertsen - Doktorgradsstipendiat ved UiB

Hovedinnhold

Eg liker at eg kan planlegge dagane mine sjølv, og så får eg reise mykje.

Namn: Mari Heggernes Eilertsen

 

Noverande jobb: Doktorgradsstipendiat ved Marin Biodiversitet og Geobiologi, UiB

 

Utdanning: Bachelor i Biologi UiB, Mastergrad i Marinbiologi – Marin Biodiversitet, UiB
 

Kva gjer du no?
Forskar på dyr som lev ved varme kjelder og kalde gassoppkomme i djuphavet.


Kva er du mest nøgd med i din noverande jobb?
Det viktigste er at eg får jobbe med det eg brenn for kvar dag og oppdage nye spanande ting. Eg liker at eg kan planlegge dagane mine sjølv, og så får eg reise mykje. I tillegg har eg undervisning/assistering på UiB sine biologikurs som ein del av jobben min, og det syns eg er kjempekjekt.

Kva relevans har det du har lært ved BIO og UiB for deg i den jobben du no har?
Veldig høg relevans, eg jobber framleis med mange av dei same metodane eg lærte på masteren.

Har du tips/råd til dei som studerer no ut frå dine erfaringar?
Bachelorgraden er som eit koldtbord der du kan få smake litt på alt biologiverden har å by på. På mastergraden kan du velge ut det du liker best og finne ut alt om det. Viss du framleis ikkje er mett – ta doktorgrad!

 

Kva minner har du frå studietida på BIO?
Mange kjekke feltkurs med engasjerte forelesarar og assistentar, og nesten alltid fint vær.

 

Kva skreiv du masteroppgåve om?
Systematikk og evolusjon av snegleslekta Scaphander i Atlanterhavet, med observasjonar om trofiske interaksjonar.