Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
Prisvinnere

Helse Vest sin forskingspris og innovasjonspris går til CCBIO-forskarar

Forskingsprisen i Helse Vest gjekk i år til forskingsmiljøet «Gynekologisk kreftforskingsgruppe» ved KK som er leia av CCBIO PI Helga B. Salvesen. Forskingsgruppa står bak banebrytande forsking på livmorhalskreft. Innovasjonsprisen gjekk til James Lorens ved BerGenBio og UiB, også CCBIO PI, for å utvikle og betre behandlinga av brystkreft.

Gruppefoto: Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF, James Lorens, Helga Salvesen og Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Frå venstre: Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF, James Lorens, Helga Salvesen og Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Foto/ill.:
Kjetil Alsvik, Helse Vest

Hovedinnhold

Prisane blei delte ut i samband med Helse Vest sin forskingskonferanse som blei arrangert i Stavanger på Sola Strand Hotel torsdag 29. og fredag 30. oktober 2015.

 

– Det er veldig kjekt å få ein slik pris til et forskingsmiljø, og eg blei veldig glad. Det er fint å kunne dele denne gleda med alle dei fantastiske medarbeidarane som er del av forskingsgruppa, både ved Universitetet i Bergen og ved Haukeland universitetssjukehus. Eg har mange å takke for arbeidet som er gjort, men eg vil særleg trekkje fram alle dei kvinnene som har bidrege med prøvar og gjort det mogleg å forske på dette, seier Helga Salvesen i eit intervju til Helse Bergen web.​

Salvesen legg til at dei har fått gode arbeidsvilkår for å jobbe vidare med forskinga, og til å ta det vidare, slik at dei kan jobbe både på tvers av helseregionar i Noreg og samarbeide med andre land.

Les også intervju i Bergens Tidende: -Dette er en pris som synliggjør alle de kvinnene som har bidratt, sier professor og overlege Helga Salvesen.

 

Persontilpassa behandling

I 2011 fekk Salvesen innovasjonsprisen i Helse Vest saman med Lars A. Akslen, for ein ny teknologi som kan gi pasientar med livmorkreft betre og meir skreddarsydd behandling. Sidan den gongen har Salvesen og forskingsgruppa teke forskinga vidare mot klinisk implementering, det vil seie at resultatet av forskinga kan brukast mot pasientane.

– Vi kan tilby betre identifikasjon av pasientar med låg risiko for tilbakefall, og gjennom dette potensielt bidra til betre livskvalitet, ved at dei slepp for eksempel strålebehandling. Vi kan no kartleggje morsvulsten til kvinna og eventuelle svulstar med spreiing, og bidra til meir individtilpassa behandling, fortel Salvesen.

Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest, delte ut prisen, som er på 200.000 kroner og eit kunstverk.

Les her om kva juryen seier om tildelinga til Helga Salvesen.

 

Innovasjonsprisen til James Lorens

James Lorens vann innovasjonsprisen. Han har vist at god forsking kan takast over i innovasjon og produktutvikling – og lukkast.

Saman med forskingsgruppa har Lorens funne at AXL-reseptoren tyrosin kinase har ei grunnleggjande rolle knytt til brystkreft. Som følgje av desse funna kan ein behandle langt framskriden kreft, og kunne hemme kreftcellene si evne til å spreie seg og bli resistente mot medikament.

Saman med Bergen Teknologioverføring (BTO) i regionen, har vinnaren etablert selskapet BerGenBio, eit selskap som er ei av landets fremste bioteknologisatsingar i 2015.  (Les også om BerGenBios tildeling av Nordic Star-prisen i september 2015.)

 

– Dette var ei stor overrasking, og er svært takknemleg for innovasjonsprisen, seier Lorens til Helse Bergen web. - Dette er ei god stadfesting av det arbeidet vi har gjort, og at det blir satsa på satsing og innovasjon. Det er mogleg å få overført grunnforsking til kommersialisering, og dette har skjedd relativt raskt. Det er pasientane som vil nyte godt av arbeidet vi gjer. På ein måte kan vi seie at vi tek laboratoriet ut til pasientane. Det er lett å seie, men ikkje så lett å få til, seier Lorens.

Støttar neste generasjon

Lorens har ikkje klart for seg kva han vil bruke prispengane til, men håper dei kan gå til neste generasjon forskarar, slik at dei kan reise til utlandet og lære meir.

– Denne prisen er ikkje berre til meg. Veldig mange i tverrfagleg satsing, over fleire tiår, har bidrege til å gjere dette mogleg. Med private investorar har det vore mogleg å utvikle eit medikament. Vi håper at vi med denne prisen kan vere til inspirasjon for andre, fortel innovasjonsprisvinnaren.

Les her kva juryen seier om tildelinga til James Lorens.

 

Gratulerer til begge!