Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
Prisutdeling

Skotårspris til nysgjerrigper frå CCBIO

Professor Kreybergs pris blir delt ut på skotårsdagen til den som har skrive den beste doktorgradsavhandlinga i patologi dei siste fire åra. Pris på 100.000 går i år til dr.med. Elisabeth Wik, stipendiat ved Klinisk institutt 1 og postdoc ved CCBIO.

Gruppebilde med Kreybergkomiteen og prisvinnarane.
Komiteen for Kreybergprisen og prisvinnarane. Frå venstre: Tore Slagsvold, Olav Vintermyr, Ole Petter Ottersen, Eirik Sundlisæter, Elisabeth Wik, Frode Jahnsen, Mona Aleksandersen, og Kreybergs oldebarn Karoline Solheim Kreyberg.
Foto/ill.:
Martine Scheen

Hovedinnhold

Elisabeth mottek andreprisen på 100 000 kroner for forskinga hennar på livmorkreft. Førsteprisen på 200 000 kroner går i år til dr. med. Eirik Sundlisæter ved Universitetet i Oslo (UiO).

Skreddarsy behandling for livmorkreft-pasientar

Elisabeth Wik har i sitt doktorarbeid undersøkt genfeil og biomarkørar ved livmorkreft. Funna hennar kan vise seg å vere viktig for å skreddarsy behandlinga for den enkelte pasient med livmorkreft.

Kreft er forårsaka av genfeil i kreftcellene som gjer at dei veks og spreiar seg utan kontroll. Genfeila er forskjellig både mellom ulike krefttypar og frå pasient til pasient innan ein krefttype. Detaljert kunnskap om den enkeltes pasient sin kreftsvulst er difor viktig for å gi så effektiv behandling som mogleg. 

Dr. Wik har studert eit stort antal pasientar med livmorkreft. Ho har etablert ei ny klassifisering av denne kreftsjukdomen og ho har funne mange genfeil som kan vere viktig både for prognose og behandling. Doktorgradsarbeidet er utført ved Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen. Dr. Wik arbeider i dag i utdanning i patologi ved Haukeland universitetsjukehus og er postdoktor ved Centre for Cancer Biomarkers CCBIO ved Universitetet i Bergen.

Takksam nysgjerrigper 

- Eg vil gjerne takke veglaiarane i PhD-prosjektet mitt, Helga Salvesen og Lars Akslen, som tok spranget inn i genekspresjonsteknologien då denne enda var ny, og for at eg fekk jobbe med den type data, fortel Elisabeth. - Det har vore veldig spennande for ein nysgjerrigper å få dykke ned i store datamengder og leite etter gode historier som gøymer seg der. På same tid var det utfordrande, og kjensla av teoretisk nærdrukning dukka opp med jamne mellomrom. Eg vil også takke dei mange medforfattarane for gode og verdifulle bidrag til studiane som avhandlinga baserar seg på.

- Eg mottek prisen med stor audmjukskap, forklarar Elisabeth. - Professor Kreyberg var ein forskar av dimensjonar  som utretta mykje i løpet av sitt lege- og forskarliv. Slik eg har lese om dei ulike aktivitetane i livet hans, trur eg at han var ein ordentleg nysgjerrigper på mange område.

- Kanskje var nysgjerrigperen i oss noko av det som brakte både Kreyberg og meg til Afghanistan i arbeidssamanhang, reflekterer ho vidare. – Det var kan hende det som også brakte oss begge inn i patologifaget? Av og til kryssar ein spor, også til ulike tider, på måtar ein ikkje kunne forutsjå.

Vi gratulerer!

Andre nysgjerrigperar kan lese om Elisabeth si tid i Afghanistan i dette innlegget i Tidsskrift for Den norske legeforening.