Hjem
Institutt for økonomi
Nyhet

Forskermøte med stor suksess

Kring 100 samfunnsøkonomar frå heile Noreg var samla til det årlege Forskermøtet som gjekk av stabelen 5-6 januar 2015 i Bergen.

Konferansedeltakarar Forskermøte 2015

Hovedinnhold

Forskermøtet er det årlege høvet for norske samfunnsøkonomar til å møtast for å drøfte aktuelle forskingsspørsmål.

 

Det var fleire spanande plenumsinnlegg på konferansen. Professor Tommy S. Gabrielsen frå instituttet diskuterte om prissamarbeid kan auke velferda, medan professor Shelly Lundberg  retta eit kritisk blikk på litteraturen om effekten av ikkje-kognitive ferdigheiter, til dømes sjølvdisiplin, på langsiktige utfall. I tillegg presenterte professor Trond Olsen det omfattande arbeidet til årets nobelprisvinner i økonomi, Jean Tirole.

 

Forskarane sjølv fikk også høve til å legge frem eigne arbeid. Det vart tid til kring 80 innlegg i mellom anna miljøøkonomi, makrotrendar og åtferdsøkonomi.