Hjem
Institutt for økonomi
Nyhet

BECCLE med ny konferanse om konkurransepolitikk

23 og 24 april arrangerast BECCLE sin første årlege konferanse i konkurransepolitikk.

Juss II bygget

Hovedinnhold

Den internasjonale konferansen vil finne stad på NHH. Det markerer òg starten på ein årleg tradisjon for Senter for konkurransepolitikk (BECCLE), som arrangerer konferansen. Interessa har vore stor, og konferansen har 36 presentasjonar.

 

Årets konferanse vil både ha Keynote foredrag og presentasjonar og diskusjonar av forskingsartiklar innan konkurransepolitikk og økonomi.

 

Her er årets Keynote foredrag:

‘Object restrictions’
David Bailey
King’s College London
 
‘The Current State of the Theory of Collusion: Unexplained Phenomena and Unexplored Directions’
Joe Harrington
University of Pennsylvania
 
‘Cooperation vs. Collusion: How Essentiality Shapes Co-opetition’
Patrick Rey
Toulouse School of Economics

 

Frå Institutt for økonomi ved UiB deltek mellom anna professor Tommy Staal Gabrielsen. Han sit både i styret til BECCLE og i den vitskaplege komiteen bak konferansen. Gabrielsen er svært nøgd med korleis konferansen har blitt motteken:

- Vi er glade og overraska over den store internasjonale interessen for konferansen.  Vi fekk langt fleire innsendte paper enn det vi kunne akseptere, og var derfor nøydde til å refusere mange. Dette tyder på at Bergen og BECCLE sjåast på som attraktive for forskarar på dette fagfeltet.

 

Les heile programmet for konferansen her.