Hjem
Institutt for økonomi
Nyhet

Tre nye år med trygdeforsking ved UiB

Gruppe for trygdeøkonomi (Trygdegruppa) er tildelt 15 millionar frå Noregs forskingsråd, som sikrar drift i tre nye år. Dette er eit viktig bidrag til velferdsforskinga ved UiB.

Gruppe for trygdeøkonomi. Frå venstre: førsteamanuensis Astrid Grasdal, professor Espen Bratberg, professor Kjell Vaage og professor Arild Aakvik.
Gruppe for trygdeøkonomi ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen. Frå venstre: førsteamanuensis Astrid Grasdal, professor Espen Bratberg, professor Kjell Vaage og professor Arild Aakvik.

Hovedinnhold

– Tildelinga betyr at Trygdegruppa kan halda oppe og vidareutvikla sin kjernekompetanse, som er kunnskap om korleis den offentlege velferdspolitikken påverkar individ og familiar i spørsmål som vedgår arbeid, trygd og pensjon, seier professor Kjell Vaage som er leiar for Trygdegruppa.

 

Forsking som grunnlag for politiske beslutningar

Forskinga til Trygdegruppa er for det meste empirisk og skjer hovudsakleg gjennom utnytting av breie, kopla offentlege register, tilrettelagt av Statistisk sentralbyrå.

– I desse dagar er vi i ferd med å få på plass ein database som er i ein særklasse endå til i internasjonal samanlikning. Tildelinga sikrar at vi kan bruka kompetansen i gruppa til å utnytta dette datatilfanget, seier Vaage.

 

Kvifor er det viktig at ei slik gruppe blir oppretthalden?

– Vi har ei eldrebølgje framfor oss, samtidig som inntektene frå petroleumssektoren kjem til å krympa. Vi skal ha generøse og tenlege trygde- og pensjonsordningar, men for å finansiera velferdsstaten, er Noreg avhengig av at ein størst mulig del av befolkninga er i arbeid. Vår oppgåve er å levera bakgrunnskunnskap og analyser som grunnlag for kvalifiserte politiske avgjerder, som kan brukast til å evaluere velferdsstaten og avsløra utilsikta verknader av velferdsreformer. Denne oppgåva blir ikkje mindre viktig i åra som kjem, meiner Vaage.

 

Eldrebølgja vil vere ei av fleire prioriterte satsingsområde for Trygdegruppa.

– Dei eldste i Noreg er fødd rundt 1930, i kriseår med svært låge fødselstal. Snart vil dei store etterkrigskulla frå rundt 1950 nå den alderen då dei både er pensjonerte og storforbrukarar av helse- og omsorgstilbod, samstundes som levealderen aukar markant. Til saman inneber dette at velferdsstaten kjem under press. Vi vil analysera korleis utvekslinga av omsorg innan storfamilien samverkar med offentleg inntektssikring og helse- og omsorgstenester, seier Vaage.

 

 

Markert seg på den internasjonale forskingsfronten

Trygdegruppa er eit såkalla instituttforankra strategisk prosjekt, som er knytt til Institutt for økonomi ved UiB. Instituttleiar Jan Erik Askildsen meiner tildelinga var viktig for å kunne halde fram med ei satsing som har vart i 24 år, og ført til ei omfattande forsking på eit svært viktig samfunnsområde.

– Trygdegruppa har levert bakgrunnskunnskap og analysar som grunnlag for kvalifiserte politiske beslutningar, og har oppfylt sitt samfunnsansvar til fulle. Ikkje minst er det viktig for Universitetet i Bergen og Institutt for økonomi at gruppa har markert seg på den internasjonale forskingsfronten med ei rekkje publikasjonar i leiande tidsskrift, seier Askildsen, som legg til at Trygdegruppa har bidrege sterkt i høve til undervisning og rettleiing av studentar innanfor trygdeøkonomiske problemstillingar.

 

Fleire unge blir uføretrygda

Eit anna satsingsområde som blir viktig for Trygdegruppa er å undersøkje årsaker til den aukande andel av ungdom, særleg gutar, som fell frå utdanninga og oftare endar opp på uføretrygd og andre velferdstenester.

- Vi veit at det er ein sterk samanheng, men det er uklart om det er skuleutfalla i seg sjølv som skapar desse problema, eller om årsaka må søkjast andre stader i familiebakgrunn og samfunn. Vi veit vidare at tidleg uføretrygding er ei av drivkreftene bak den sterke auken av barnløyse blant menn i Norge. Vi risikerer å få ei klasse av utslåtte menn som i tillegg har eit svakt familienettverk rundt seg. Her er det viktige forskingsoppgåver, i skjeringsfeltet mellom forskinga retta mot trygd, familie og utdanning, seier Vaage.