Erfaring, kunnskap og profesjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er eit vidareutdanningstilbod som rettar seg mot arbeidstakarar med brei arbeidslivs- og organisasjonserfaring. Emnet skal føre studenten frem til ein betre innsikt og forståing for eiga læring og ulike læringsformer dei har nytta under utdanning og i arbeidslivet. Emnet legg særskild vekt på å styrke studentane sine kunnskapar om ei akademisk læreform som nyttar tekst- og dokumentanalyse og betre deira kompetanse i akademisk skriving.

Instituttet kan tilby undervising i ulike tema, avhengig av etterspurnad og undervisningskreftene som er tilgjengelege.

Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Emnet skal gje studenten auka innsikt i og forståing for eiga læring og gode kunnskapar om tekst- og dokumentanalyse.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til å reflektere over eigen læring og demonstrere ferdigheiter i å nytte tekst- og dokumentanalyse i ei akademisk skriveform.

Generell kompetanse:

Studenten skal vise evne til å argumentere og dokumentere akademisk. Gjennom å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet blir tilbydd i høve til etterspurnad og tilgang til undervisningsressursar.

Undervisningsstad

Etter avtale med SEVU og/eller oppdragsgivar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er eit eksternt finansiert tilbod til vidareutdanningsstudentar. Opptaket organiserast av Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU). Opptaksgrunnlaget er generell studiekompetanse eller tilsvarande. Relevant erfaring blir vektlagt, og det vert føresett at studenten har gått gjennom opplæringstilbod på eigen arbeidsplass og i organisasjonane tilhøyrande bransjen eller sektoren.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga skjer i form av førelesingar og arbeidsseminar/gruppearbeid, som er organisert i ei studiesamling over 4 dagar, og oppgåveseminar på internett der seminararbeidet (ei oppgåve og kommentarar) utgjer grunnlaget for karakterfastsettinga. Oppgåva er eit prosjekt som skal trene studenten i å nytte både eigen erfaringar og tekst- og dokumentanalyse i oppbygginga av ein akademisk tekst. I seminaret vil studenten få kommentar frå medstudentar og lærar på utkast til oppgåva.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Studenten skal skrive ei oppgåve som skal vurderast. Studenten får student- og lærarkommentarar og har høve til å levere inn ein revidert versjon av oppgåva.

Oppgåva skal være på om lag 3000 ord og ha tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta. Studenten skal gje skriftlege kommentarar til dei andre studentane sine oppgåver, og i vurderinga blir det lagt vekt på konstruktiv kritikk og faglig gode og sjølvstendige kommentarar. Både oppgåvene og dei skriftlege kommentarane tel med når endeleg karakter skal fastsetjast.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Pensum har eit omfang på om lag 900 sider. Pensum skal dekke relevante læringsteoriar og læringstradisjonar og gje ei innføring i tekst- og dokumentanalyse samt akademisk skriving. I pensum inngår dessutan tekstar knytt til dei særskilde opplæringstilboda samt lov- og avtaletekstar. Desse kan utgjere om lag 1/3 av pensum.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Programansvarleg
-
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap