Litteraturvitskapleg særemne I

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.

ALLV303 er eit litteraturfagleg spesialiseringsemne som blir valt ut frå dei kurstilboda som fagmiljøet har til ei kvar tid på 200- og 300-nivå. Det omfattar litterære tekstar og litteraturfagleg relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema.

Våren 2024 kan studentar velja mellom to tema:

  • Tema 1: G. Selnes: "De retoriske dyrene"
  • Tema 2: W. Hottner: "What was the modern novel?"

Studentar som tar båe ALLV303 og ALLV304 dette semesteret må velja tema 1 for det eine emnet og tema 2 for det andre.

Ta kontakt med studierettleiar eller emneansvarleg om du har spørsmål om pensum eller pensumoverlapp.Det er ikkje mogleg å ta eksamen i same tema meir enn ein gong.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten

- får avansert kunnskap om eit avgrensa felt av litteraturvitskapen, for eksempel ein genre, eit forfattarskap, ei litterær epoke.

Ferdigheiter

Kandidaten

- får oppøving i kritisk og sjølvstendig handsaming av fagets teoriar og metodar.

Generell kompetanse

Kandidaten

- får oppøving i å formidla litteraturvitskapleg kunnskap munnleg og skriftleg.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ikkje relevant
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på (1) masterprogram i allmenn litteraturvitskap eller (2) masterprogram i nordisk språk og litteratur ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman om lag 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
ALLV303 blir vurdert på basis av ein sju dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt emne (12 sider eller 4000 ord). Oppgåva skal vere i Times New Roman eller liknande, skriftstorleik 12 og linjeavstand 1,5. Litteraturliste, eventuell forside, innhaldsliste og vedlegg er ikkje inkludert i ordtellinga.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust og vår. Tidleg eksamen neste semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum i ALLV303 skal bli sett saman av ca åtte verk omkring eit nærare avgrensa og litteraturfagleg relevant emne. Av dei åtte verka skal minst to vere litterære og minst to teoretiske. Tema kan konsentrerast om ein litteraturhistorisk periode, ein litterær tradisjon, ein genre, ein forfattarskap, eit tema, eit motiv eller ei teoretisk problemstilling. Pensum må ikkje liggje for tett opp til det som er tema for masteroppgåva, og skal normalt ikkje omfatte verk eller tekstar som ein har lagt opp ved tidlegare universitetseksamenar.

Det er også mogleg å byggje opp sine eigne særemne i samråd med faglærar.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret for allmenn litteraturvitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium