Teori og metode i arkeologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi oversikt over sentrale tema innan arkeologisk teori- og metodedebatt og arkeologisk faghistorie, med oversyn over karakteristiske trekk ved ulike fagretningar over tid.

Emnet omhandlar det teoretiske og metodiske grunnlaget for å kunne tolke dei materielle spora frå fortida. Det er lagt vekt på at studentane gjennom generell innsikt i teori og metode skal få ei betre forståing av viktige tema og problemstillingar og ta stilling til korleis dette er framstilt i arkeologisk litteratur. Døme på slike tema er samfunnsorganisasjon, byutvikling, landskap og romlege strukturar, kombinasjon av arkeologi og tekst, sosial identitet/kjønn, etnisitet og religion/rituelle aktivitetar. Den teoretisk-metodiske bakgrunnen gir eit viktig grunnlag for ARK250.

Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om sentrale teorier og metodar nytta i arkeologisk forsking
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor arkeologi
  • kan oppdatere kunnskapen sin i faget
  • kjenner til arkeologifaget si utvikling, historie, tradisjoner, eigenart og plass i samfunnet
  • har god innsikt i det teoretiske og metodiske grunnlaget faget bygger på

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap på teoretiske og metodiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
  • kan reflektere over val av teoretisk og metodisk tilnærming til arkeologisk materiale
  • kan finne, vurdere og henvise til teoretisk og metodisk litteratur og knytte dette til ei problemstilling
  • kan nytte fagleg teori og metode som er relevant for forskinga
  • kan problematisere og nytte relevant fagterminologi og drøfte teoretiske og metodiske framstillingar, og kan gjere sjølvstendige vurderingar

Generell kompetanse:

Studenten

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar i arkeologisk teori og metode
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor arkeologisk teori og metode
  • kan setje seg inn i omfattande faglitteratur, formidle kunnskap og synspunkt der ifrå, og gjere eigne vurderingar i skriftleg arbeid.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
60 studiepoeng på 100-nivå i arkeologi eller tilsvarande må vere bestått.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk
Studiepoengsreduksjon
Fullt fagleg overlapp med ARK201
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil føregå i første del av semesteret. Undervisninga er lagt opp som forelesingar og vert berre gitt i vårsemesteret. Normalt 8-10 forelesingar/seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Der vert óg arrangert eit obligatorisk oppgåveseminar, med 100 % oppmøteplikt. Øvingsoppgåva tilknytta skriveseminaret er obligatorisk. Innleveringsfrist annonserast på Mitt UiB.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer
5 dagars heimeeksamen. Heimeeksamen skal ha eit omfang på om lag 3000 ord.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Instituttet utarbeider pensumlister. Pensumlista for vårsemesteret vert publisert 1. desember.Pensum er om lag 1200 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluere emnet i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap