Celle- og utviklingsbiologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ei grundig innføring i embryologisk utvikling hos ulike dyregrupper, inkludert vev- og organdanning, og korleis ulike molekylære prosessar styrer organismen si utvikling. Emnet gir òg ei praktisk innføring i utviklingsbiologiske teknikkar. Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar.

 

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten kan:

  • gjere inngåande greie for embryonal utvikling hos ulike dyregrupper, deira felles trekk, utviklingsstadium og danning av ulike organsystem og celletypar
  • vise inngåande forståing av cellulære og molekylære mekanismar som regulerer utvikling hos dyr
  • analysere og  greie ut om sentrale omgrep og problemstillingar innan utviklingsbiologi og kva teknikkar ein brukar for å studere desse

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • relevante metodar og har ferdigheiter til å gjere forsøk og studere embryoutvikling på eit molekylært nivå
  • formulere relevante forskingsspørsmål innan fagfeltet
  • skrive laboratorierapport som samanfattar og diskuterer eigne funn i relasjon til vitskapleg litteratur

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • reflektere rundt kunnskap og forsking og korleis eit fagfelt utviklar seg
  • finne svar på forskingsspørsmål gjennom å søke opp og lese vitskapleg litteratur

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post (studie.bio@uib.no). Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Obligatoriske emne i Bachelor i biologi, eller tilsvarande emne.
Tilrådde forkunnskapar
Obligatoriske emne i Bachelor i biologi, eller tilsvarande emne.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga, og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, labkurs og posterpresentasjon.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Forelesingar
  • Laboratoriekurs m/journal
  • Poster session
  • Obligatoriske aktivitetar må bli godkjende for å kunne ta eksamen. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 semester, inkludert semesteret aktiviteten vart avlagt i.

    Vurderingsformer

    Mappevurdering, beståande av følgjande:

    • Munnleg eksamen, tél 50% av endeleg karakter.
    • Labkursjournal, tél 30% av endeleg karakter.
    • Poster session, tél 20% av endeleg karakter.

    I semester utan undervisning, kan ein ta munnleg eksamen på nytt tidleg i semesteret. Poengsummen frå dei dei to andre mappeelementa frå det foregåande semesteret blir inkludert i den endelege karakteren.

    Karakterskala
    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
    Vurderingssemester
    Det er munnleg eksamen i både vår- og haustsemesteret. I semester utan undervisning, kan ein ta munnleg eksamen på nytt tidleg i semesteret. Poengsummen frå dei dei to andre mappeelementa frå det foregåande semesteret blir inkludert i den endelege karakteren.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret. Du finn Litteraturlista under "Ressursar" øvst til høgre.  
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.