CCBIO symposium for yngre forskarar

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Målet med symposia er at dei skal fremme vitskapleg samspel og nettverksbygging mellom forskarar.

Symposiumserien vil være ein arena der ph.d.-kandidatar får erfaring med munnlege presentasjonar, faglege diskusjonar og vitskapleg tenking. Deltakarar vil her kunne utveksle metodar, teknisk ekspertise og erfaringar, med sikte på å betre den vitskaplege kvaliteten for alle.

Symposia finn stad to gangar i semesteret. Kvart symposium omfattar vanlegvis ein keynote presentasjon på ca. 45 minuttar og fire innlegg som varer ca. 25 minuttar inklusive ein kort diskusjon i etterkant.

Ulike analysemetodar og ein stor tematisk bredde vil bli framlagt. Symposiet vert leia av seniorforskarar, og kvar presentasjon vert følgt av ein kort diskusjon med tilbakemeldingar og innspel frå både møteleiar og dei andre deltakarane. Dersom den som presenterer ønsker det, er det mogleg å få kort personleg tilbakemelding frå kursleiar.

Læringsutbyte

Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten:

Kunnskapar

  • Gjennomføre ein vitskapleg presentasjon (om eigne metodar og problemstillingar).
  • Analysere, gjere systematisk greie for og gi ei sjølvstendig vurdering av ny kunnskap utvunne frå eige prosjektarbeid.

Ferdigheiter

  • Kunne identifisere, analysere og drøfte dei viktegaste og mest sentrale funn frå eige forskingsarbeid.
  • Kunna handtere komplekse faglege spørsmål og utfordre etablert kunnskap og praksis på fagområdet.
  • Gje og ta imot fagleg kritikk på et høgt nivå.

Generell kompetanse

  • Drøfta og vurdera bruken av ulike metodar som vert nytta innan ulike forskingsfelt, deira bruksområde, avgrensingar og føremon.
  • Utveksle teknisk ekspertise og erfaring, og fostre gode samarbeidsklima, som vil betre den generelle vitskaplege kvaliteten på lang sikt.
  • Kunne formidle og utføre sjølvstendig forskingsarbeid i anerkjente nasjonale og internasjonale kanalar.
  • Delta i vitskapleg samspel mellom forskarar innan medisinsk forsking.

Undervisingsperiode

Vår og haust (deltaking på 4 symposium innan 2 år).

Studiepoeng

3 studiepoeng

Undervisingsstad

Det medisinske fakultet.
Undervisingsspråk
Engelsk.
Påmelding og -fristar

Kandidatar ved Universitetet i Bergen (UiB) må melde seg på gjennom StudentWeb (http://studentweb.uib.no) innan 1.februar/1 september.

Krav til forkunnskapar
Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak på Forskarlinja.
Tilrådde forkunnskapar
Medisinsk eller helsefagleg bakgrunn, eller ph.d.-prosjekt med medisinsk/helsefagleg innhald.
Inngår i opplæringsdel
Godkjent som del av opplæringsdelen for ph.d.-kandidatar.
Vurderingsform

For å stå i emnet, må kandidaten:

  • førebu seg til, og delta aktivt på minimum 4 symposium (oppmøte vert registrert), 5 timer per symposium inkludert førebuing (20t).
  • skrive totalt 4 vitskaplege rapportar frå 4 valfrie presentasjonar. Kvar rapport skal vere på ca. 3 sider. Rapportane må leverast seinast ei veke etter valt presentasjon. 15 timer per rapport, inkludert førebuing (totalt 60t).
  • gje ein munnleg presentasjon av eigne metodar på eit av desse symposia, 10 timar inkludert førebuing.

90 timar totalt.

Vurdering av rapportane vert gjort av kurskoordinator.

Vurdering av presentasjonen vert gjort kurskoordinatorar.

Følgjande karakterskala vert nytta:

Bestått / Ikkje bestått.

Kven kan delta
Emnet rettar seg hovudsakleg mot ph.d.-kandidatar knytt til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO), men er også opent for andre studentar, forskerlinjestudenter og ph.d.-kandidatar.
Utfyllande kursomtale

Eit symposium strekk seg over ca. 4 timar, og inneheld presentasjonar med diskusjonar og tilbakemeldingar.

Kvar deltakar som held ein presentasjon om eigne metodar og problemstillingar skal lage eit resymé (ca. 350 ord) av dette for distribusjon til dei andre deltakarane ei veke i forkant av symposiet.

Ein forventar at kvar deltakar set seg inn i dei aktuelle problemstillingane (resymea) i forkant av symposia.

Forskarar, postdoktorar, ph.d-kandidatar, masterstudentar, forskarlinjestudentar og teknisk tilsette knytt til CCBIO er sterkt oppmoda om å vera til stades og delta i diskusjonane.

Program
Symposia finn stad to gonger i semesteret. Kvart symposium omfattar ein keynote presentasjon og ca. fire innlegg frå ph.d-kandidatar og/eller postdoktor. Kvart innlegg varer ca. 25 minutt, inklusive ein kort diskusjon i etterkant.
Fagleg ansvar

Vladan Milosevic

Mari Halle

Innleiarar
Kvart symposium vert leia av ein eller begge kurskoordinatorane. Han eller ho fungerer som ordstyrar og leiar diskusjonen.
Kjernelitteratur
Dei samandraga som inngår til kvart symposium.