Tyskdidaktikk 1

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Fagdidaktikk i tysk inngår som ein del av universitetet si tysklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytt til elevane si kompetanseutvikling i tysk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere tyskfagleg kunnskap til det å vere tysklærar. Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å tilretteleggje for språklæringa til elevane.

Studiet er organisert slik at ein har noko undervisning på tvers av språkfaga for å understreke ein felles kunnskapsteoretisk samanheng og med tanke på felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.

Studiet inneheld fire målområde:

- Tyskfaget i skolen før og no

- Teoriar om språklæring

- Planlegging av undervisning og tilrettelegging for tysklæring

- Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i tysk.

Kunnskapar

Kandidaten

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i tysk som dannings- og ferdigheitsfag
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og tilnærmingar
  • har kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i tysk

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planleggje, gjennomføre og reflektere over tyskundervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i faget i relasjon til læreplanen for faget
  • kan grunngi val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori
  • kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling
  • kan vurdere elevane sitt læringsutbyte og legge til rette for elevar si vurdering av eiga læring
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk innan fagfeltet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektere over eigen og andre sin skolepraksis i lys av kunnskap innanfor dei tyskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk)
  • har utvikla innsikt i tyskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv
  • kan reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i tysk, irekna den digitale kompetansen
  • kan undersøkje og drøfte tysklæring i lys av kunnskap innanfor dei tyskfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen og online
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for DIDATYS1 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med TYSK621 eller TYSK622.
Krav til studierett
Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 24 timar undervisning fordelt på førelesingar og seminar. Av desse er om lag fire timar fellesundervisning i språkdidaktikk.

Rettleiing og skolebesøk.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i DIDATYS1 må studentane ha gjennomført minst to av tre obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar. Eksempel på aktuelle obligatoriske aktivitetar er intervju med lærar eller elev, presentasjon av forskingsartikkel, munnleg eller skriftleg drøfting av ei fagdidaktisk problemstilling, og presentasjon av eit undervisingsopplegg. Nærare retningslinjer blir gitt ved studiestart.

Undervisninga er obligatorisk (80%) og føreset aktiv deltaking og førebuing.

Vurderingsformer
Eksamensforma er rettleidd mappevurdering. Eksamensmappa skal innehalde to korte tekstar eller ein lengre tekst som til saman har eit omfang på om lag 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til læringsmåla til faget. Av desse er eit utval felles for språkfaga.
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Det psykologiske fakultet
Emneansvarleg
Fagmiljøet i tysk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.