Datateknologi: Historie, teori og praksis

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet dannar grunnlaget for forståinga av den praktiske og filosofiske delen av Digital kultur, og bør takast i første spesialiseringssemester. Det kompletterer Dikult103.

Emnet er delt i tre område som kastar lys over teknologiutviklinga på ulike måtar, men som like fullt høyrer tett saman.

I historiedelen lærer studentene om sjølve datamaskina, kva prinsipp som ligg til grunn for dei første maskinene, kva historiske, økonomiske og sosiale faktorar gjennom dei siste 80 åra som har påverka utviklinga hennar frå industriell spesialisert maskin til bærbar allemannseige.

I teoridelen ser vi nærare på nokre filosofiske spørsmål rundt teknologi: Om datateknologien har endra måten vi tenkjer på og strukturerer samfunnet på, om ein kan snakke om digital revolusjon, om informasjon er signal eller sanning, korleis menneske og maskiner sorterer informasjon og knytter han saman (informasjonsarkitektur), korleis hypertekst former vår forståing av samfunnet, kva meiningar det fins rundt tilgjenglegheit av programkode (open source), kva ein forstår med kunstig intelligens, og kvar han vert brukt. Studentane vert kjende med framtredande tenkjarar i Digital kultur, både historiske og samtidige.

Den praktiske delen speglar desse historiske og teoretiske spørsmåla på fleire vis. Studentane får jobbe med eit utval av kode og teknologiske prototypar som gjev innsikt i strukturen og handsaminga av digital praksis.

Emnet byggjer på ferdigheit i akademisk skriving og leiar over til både Dikult105 (her kan informasjonsarkitektur, XML, Javascript verte tatt opp att) og Dikult106 (her kan etikk og samfunnsaspektet verte tatt opp att).

Læringsutbyte

Kunnskaper

Kandidaten har kunnskaper ...

  • om datamaskina si utvikling
  • om sosiale og kulturelle faktorar som drivkraft i teknologiutvikling
  • om sentrale omgrep som t.d. informasjon, hypertekst, ontologi, taksonomi, kunstig intelligens
  • om teknologikritikken si historie
  • om logisk oppbygging av algoritmer

Ferdigheiter

Kandidaten kan ...

  • identifisere teknologiens innverknad på samfunnet og individets liv
  • drøfte bruk og konsekvensar av sosiale medier
  • analysere ein normalspråkleg tekst og kategorisere innhaldet slik at han kan brukast av algoritmer
  • identifisere delane i eit script og forstå deira hensikt
  • skrive ein mindre programbit
  • skrive ein mindre akademisk tekst om teknologihistorie eller -teori

Generell kompetanse

Kandidaten kan ...

  • forstå akademiske tekstar i Digital kultur og setje dei i samanheng med kvarandre
  • nytte strategiar for akademisk skrivinga

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på bachelorprogrammet i digital kultur og utvekslingsstudentar. Andre studentar på bachelor- og masterprogram ved Det humanistiske fakultet kan søkje om å få ta kurset dersom det er ledig kapasitet (via e-post til studieveileder.lle@uib.no). Eventuelle ledige plassar bli fordelte via loddtrekking mellom søkjarar som har deltatt i undervisinga som ordinære studentar med dei førebuingane det medfører.
Arbeids- og undervisningsformer

Det er tjue veker i semesteret, der ti veker normalt har undervisning. Ei veke med undervisning vil normalt innehalde to førelesningar på to timar. Undervisningsplanen vil vere tilgjengeleg i byrjinga av semesteret.

Det er viktig at studentane møter til orienteringsmøtet i veke 3 før undervisninga tek til.

Studentane må vere førebudde til både forelesningane og øvingane, avdi forelesingane alltid inkluderer studentane og det alltid vert diskusjonar rundt forelesingsemna. Nokre gongar vert det gitt leksar (løyse ei programmeringsoppgåve, gjere seg opp ei meining om påstandar i ein tekst, aktualisere faglitteraturen ved å jamføre denne med aktuelle hendingar, etc.).

Arbeidsinnsatsen er normert til 20 timar i veka frå byrjinga av semesteret fram til eksamen, også i forelesingsfrie veker. Desse timane skal brukast på forelesingar, labøvingar, seminar, lesing av faglitteratur, lekser, skriving av obligatorisk oppgåve og innhenting av relevant materiale på bibliotek og nett (bøker, artikler, video).

Det vert forventa at tida i undervisningsfrie veker vert brukt til eiga lesing og førebuing til eksamen.

Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.

Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. I såfall vil studentane få informasjon om det før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.

For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere fem obligatoriske oppgåver gjennom semesteret, som til dømes kortare skriftlege arbeid, prosjekt og korte presentasjonar. Oppgåvene må følge akademisk standard for mellom anna argumentasjon og sitering og må leverast til fastsette tider. Oppgåvene er anten godkjende eller ikkje godkjende. Resultatet vil vere klart i god tid før eksamen. Ved resultatet "ikkje godkjent" kan studenten få eitt forsøk til.

Vurderingsformer

Kurset vert avslutta med ein heimeeksamen på sju dagar på om lag 4000 ord som skal dekkje djupna i kurset sitt læringsinnhald. Det kan bli gitt fleire spørsmål frå dei ulike kursdelane. Alle delspørsmåla må vere greidde for å få ein karakter. Det blir berre gitt éin karakter for eksamenen.

Studenten kan skrive på norsk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A - F. Ei forklaring av denne skalaen finn ein på Mitt UiB.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

I historiedelen nyttar vi ei lærebok, ein film (eller fleire) som vert vist i undervisinga eller gjort tilgjengeleg på anna vis, og nedlastbare historiske videoklipp.

I teoridelen nyttar vi òg ei lærebok og diverse historiske og nyare artiklar som er nedlastbare på Mitt UiB, samt videoklipp og nettressursar (som quiz og spill).

I den praktiske delen nyttar vi ein eller fleire tutorials og nettressursar. Vi forventar at studentane aktivt supplerer dette med kjelder dei sjølve finn fram til.

Vi forventar at studenten kan setje alle ressursane i samanheng, bruke desse aktivt i førebuinga til eksamen og referere til dei på eksamen.

Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan i oppgåver og på eksamen bruke og vise til kjelder på andre språk.

Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vert oppdatert fortløpande eter behov. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika før semesterstart, eller nedlastbare som ebøker.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret for digital kultur
Emneansvarleg
-
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium