Global tuberkuloseepidemiologi og intervensjonar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som må å gje ein oversikt over den epidemiologiske situasjonen for tuberkulose i verda, og intervensjonar som brukast for å kontrollere sjukdomen.

Innhald:

Kurset er et internet basert kurs med undervising, øvingar og eksamen på nettet. Følgjande tema vert tatt opp: TB historie og epidemiologi, patogenese, diagnostikk, behandlingsprinsipper, strategi for behandling og oppfølging, resistens mot medikament og hans betyding for kontroll, strategiar for førebygging, effekten av HIV på TB, globale strategiar for kontroll av TB, sosioøkonomiske utslag av TB.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • kjenner dei viktige historiske milestolpar i handsaming av TB
  • forstår dei viktige epidemiologiske transisjonar i TB
  • forstår basal patogenese of sjukdomsutvikling i TB
  • kan beskrive symptom og tegn hjå TB pasienten
  • kjenner rolla til laboratoriet i diagnostikken og kontroll av TB
  • forstår prinsippa for kjemoterapi for TB
  • kan beskrive korleis resistens mot kjemoterapeutika kan utviklast og korleis det kan bli monitorert og korleis det kan unngås.
  • kan greie ut om korleis multidrug-resistens påverker TB epidemien i verda.
  • kan greie ut om korleis HIV påverker TB epidemien i verda.
  • kan beskrive dei sosioøkonomiske effektane av TB for pasientar
  • forstår kva rolle førebygging har i den globale TB kontroll strategien

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere viktige risikofaktorar for eksponering, for infeksjon, og for TB sjukdom.
  • kan identifisere ein pasient som kan ha TB og bør undersøkjast
  • kan vurdere viktigskap av diagnostiske metodar og deira svakheiter
  • kan tolke og vurdere data fra laboratoriet for å vurdere mikroskopi tjenestene i TB kontrol
  • kan diskutere og tolke data i behandlingsregisteret og identifiserer pasienter som ikke kommer tilbake regelmessig for å hente medisin

Generell kompetanse

Studenten:

  • veit korleis ein kan førebyggje ein smittsam sjukdom ved å nytte folkehelsestrategiar, og kan kommunisera denne informasjonen.
  • har kompetanse til å vurdera situasjonen for TB globalt og nytta denne kunnskapen for å betre kontrollen av TB.
  • forstår nytta av nasjonale TB-program og andre globale aktørar for TB-kontroll.

Undervisningssemester

Vår, enten de to første ukene eller de to siste ukene av den elektive perioden. Den elektive perioden er de fire første ukene av vårsemesteret.
Krav til forkunnskapar
  • Minst 3 år på medisinstudiet
  • Forstår engelsk
  • Basal kunnskap om mikrobiologi, immunologi og patologi
  • Studiepoengsreduksjon
    Krav til studierett
    Medisinstudiet i Bergen (etter fullført 3 år)
    Arbeids- og undervisningsformer

    Heile kurset blir gitt på internet. Heile kurset 3 ECTS = 90 arbeidstimar

    Førelesninger 30 timar Individuell lesing 30 timar

    Arbeid individuelt og i grupper 30 t

    Kurset gir førelesinger på internett, og lesing tilhøyrande lesestoff, sjå lista under. Viktige prinsipp har relaterte øvingar basert på kliniske og epidemiologiske scenario, vurdering av artiklar, korte oppgåver for individuelt arbeid. Det blir gitt øvingar med internasjonale TB program register. Nettbaserte diskusjonar mellom studentane vert utvikla og vert følgt

    Førelesingane vert i mange høve etterfølgt av quiz med fleirvals spørsmål der dei korrekte svara kjem like etter det vert sendt.

    Læredelane er som følgjer:

    1) Historiske perspektiv og TB epidemiologi, 2) Korleis utviklar TB seg hos menneske; 3) Korleis presenterer TB sjukdom seg hjå menneske; 4) Kva rolle har laboratoriet i diagnose og global kontroll av TB behandling; 5) Prinsipp for TB behandling, betydninga for den globale TB epidemien av utviklinga av resistens mot kjemoterapeutika; 6) Sosioøkonomiske og kulturelle aspekt ved TB; 7) Styring av den globale kontrollen av tuberkulose

    Deltakerantall: min 10 og maks 50 studentar.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet
    Studenten må besvare quizzes og levere oppgåver
    Vurderingsformer

    Vurdering av individuelt arbeid, deltaking i gruppearbeid.

    Skriftlig hjemmeeksamen online, med noe MCQ spørsmål og noen med tekst.

    Karakterskala
    Bestått/ikkje bestått