Britisk litteratur og kultur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette oversiktskurset gir ein introduksjon til britisk litteratur og kultur frå eit historisk perspektiv. Dei anviste verka blir tolka i forhold til sentrale sosio-kulturelle og politiske kontekstar, og kurset introduserer òg tilnærmingar til tekstlege analyser i hovudsjangrane prosa, poesi og drama. Evna til å sjå etter formelle og tematiske trekk blir oppøvd og utvikla og gjennom analyse av ei rekke litterære verk vil studenten få ei forståing av dei viktigaste periodane og utviklingar innanfor britisk litteratur og kultur.

Det er venta at studentane utviklar dei kritiske, analytiske, språklege og problemløysande ferdigheitene sine, inkludert evnene til å sjølvstendig og kritisk kunne evaluere tekstane på pensum. Gjennom skriftlege aktivitetar og deltaking i seminara vil studentane òg forbetre sine skriftlege og munnlege ferdigheiter i akademisk engelsk.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten

- ei grunnleggjande forståing av utviklinga av britisk litteratur og kultur i ein historisk kontekst

- forståing og evne til å bruke eit kritisk vokabular retta mot disiplinen, og kan vise både munnleg og skriftleg forståing av dei grunnleggjande konseptuelle og teoretiske metodane ein bruker når ein analyserer tekstar

- ei forståing for skilnadene mellom dei forskjellege formane for litterære verk, som drama, poesi og prosa, og dei ulike sjangrane innanfor desse formene slik dei blir dekka i kurset

- ei forståing av forholdet mellom litterære tekstar og dei vidare sosiale, politiske og historiske rammene dei høyrer til og responderer på

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten

- uttrykkja kunnskapen over på eit tydeleg uttrykt og korrekt skriftleg og munnleg akademisk engelsk i høveleg strukturerte eksamensessay

- identifisere og skildre hovudtrekka i analyser av poesi, dramatiske sjangrar, og narrative teknikkar

- skildre hovudperiodane og -bevegelsane i britisk litteratur historie

- forstå utviklinga av litterære genrar over tid i ein britisk samanheng

- forstå forholdet mellom tekster og historiske-kulturelle kontekstar

- lese på tvers av litterære periodar og tema

- vise forståing for korleis litterære tekstar kan analyseras med hjelp av ulike tilnærmingar og metodiske rammeverk

- bruke akademiske omgrep og metodar på ein kritisk måte

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten

- vise kjennskap til grunnleggjande analytiske reiskap og teknikkar som høyrer til disiplinen

- tenke og argumentere analytisk, kritisk og sjølvstendig om tema i kurset

- respondere sjølvstendig og kreativt på ulike litterære verk på høveleg akademisk skriftleg og munnleg engelsk

- skildre, analysere og tolke særlege tema innan britisk litteratur

- diskutere og evaluere betydinga historiske og kulturelle kontekstar har for tolkinga av språk og tekst

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages. Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språkunnskap.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ENG125 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med ENG123 eller ENG124.
Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing og seminar: opp til 72 timar.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på seminara. Studentane må vere til stades på minst 80% av seminarundervisninga for å kunne ta eksamen.

For å kunne ta eksamen må studentane òg gjere ferdig og bestå dei følgjande obligatoriske arbeidskrava:

Kvar student må levere inn seks korte skriftlege arbeid. Desse arbeida er meint å fokusere og strukturere studentane sine førebuingar. Alle obligatorisk arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av oppmøte og obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over oppgitt tema. Heimeeksamen skal vere på mellom 2500 og 2800 ord, og skal leverast elektronisk.

Studentar som ikkje har oppfylt dei obligatoriske arbeidskrava (sjå over), misser retten til å ta eksamen i emnet.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår.

Det blir arrangert eksamen i ENG125 i undervisningssemseteret, på slutten av vårsemesteret.

Studentar med gyldig grunn for fråvær kan ta eksamen i byrjinga av haustsemesteret.

Litteraturliste

Pensum omfattar et utval representative tekstar, forfattarar og bevegelsar i britisk litteratur (poesi, prosa og drama). Tekstane vert sett i lys grunnleggjande litteratur teori og sosiale, politiske og kulturelle perspektiv, som blir dekt av relevant pensum.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.