Semesteroppgåve i engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentane for lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg, lingvistisk perspektiv.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har utvikla analytiske ferdigheiter og ei vitskapleg haldning til språket
  • har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke lingvistiske metodar til å kasta lys over aspekt ved det engelske språket

Generell kompetanse

Studenten

  • har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
  • kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men sjå «Tilrådde forkunnskapar».
Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG110 (eller ENG114, ENG115) og ENG120 (eller ENG107, ENG108/118, ENG109/119), ENG122 og ENG125 eller tilsvarande.

For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ENG263 redusert om det blir kombinert med ENG227, ENG267, ENG223, ENG223L, ENG201, ENG211 og ENG251.
Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levere eit utkast på semesteroppgåva på minimum 500 ord. Det blir gjeve rettleiing (individuelt eller i gruppe). Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Det er obligatorisk å få rettleiing to gonger. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 4500 ord (±10%), der studenten i eiget kapittel om teori, data og metode på 1000 ord (±10%) skal presentere tankar rundt dei teoretiske og metodiske vinklingane dei har brukt i oppgåva. Tema for oppgåva vel studentane i samråd med faglærar. Antall ord i litteraturliste og vedlegg er ikkje medrekna.

I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i det skriftlege arbeidet dei har levert. Den munnlege prøva er justerande med ein karakter. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet, og begge eksamensdelane må gjennomførast i same semester.

Semesteroppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgjande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i moderne engelsk lingvistikk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogramme