Språkkunnskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Språkkunnskap skal gje studentane eit godt teoretisk og praktisk grunnlag for studium innanfor språkrelaterte fag.

Språk er kanskje det viktigaste kjenneteiknet som skil mennesket frå andre levande vesen. Språket er heilt sentralt i menneskeleg tenking og samhandling, og kunnskapar om språk er essensielle for at vi skal forstå oss sjølve. Særleg viktig er det å ha slike innsikter når ein skal studere språk og andre fag som handlar om mennesket.

Emnet Språkkunnskap formidlar grunnleggjande kunnskap om kva språk er, og om korleis språk er bygde opp. Korleis lagar vi språklydar? Korleis bruker vi lydane i ulike språk? Korleis byggjer vi opp komplekse ord og setningar slik at vi kan formidle tyding ved hjelp av språket? Og kva er tyding? Slike spørsmål er det dei språkvitskaplege fagområda fonetikk, fonologi, morfologi, syntaks og semantikk handlar om. Emnet gjev ei innføring i desse disiplinane og praktiske øvingar i å bruke omgrep frå dei, som til dømes å bruke lydskrift og å analysere setningar.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige og grunnleggande grunnomgrep i lingvistikk. Studentane har kunnskap om kva språk er, og korleis dei er bygde opp.

Dugleik:

Studentane skal kunne bruke metodar og omgrepsapparatet frå dei språkvitskaplege fagområda fonetikk, fonologi, morfologi, syntaks og semantikk i analyse.

Kompetanse:

Emnet er nyttig for studentar som skal arbeide vidare med dei språkvitskaplege fagområda innanfor eit språkstudium eller innanfor lingvistikk.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

-

Undervisningssemester

Det vert undervist i emnet i både vår- og haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Startgrunnlaget er generell studiekompetanse.
Studiepoengsreduksjon
-
Krav til studierett
Kandidatar utan studierett kan søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet. Sjå informasjon om korleis du søkjer om dette på: www.uib.no/hf/24249/s%C3%A6rskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet#
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesningar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Obligatorisk oppmøte (75%) på seminara

- Innleveringa av 3 obligatoriske øvingsoppgåver

Dei tre obligatoriske øvingsoppgåver har omlag til saman eit omfang og innhald som ein 4 timars skuleeksamen. Oppgåvene er obligatoriske for alle studentar på emnet og skal svarast på individuelt. For å få gå opp til eksamen må studenten ha levert, og fått godkjend dei obligatoriske øvingsoppgåvene innan fastsette fristar. Fristane vert kunngjorde seinast ved undervisningsstart for emnet. Oppgåvene vert kunngjorde minst to veker før fristen for den aktuelle oppgåva. Øvingsoppgåvene er gyldige berre i det semesteret dei er levert inn. Det er mogeleg å levere øvingsoppgåver både i haust- og vårsemesteret, men alle tre oppgåvene må leverast i same semester. Studenten har rett til rettleiing i arbeidet med oppgåvene.

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker).

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Karakterskala
Det vert gjeve bokstavkarakterar, etter ein karakterskala som er gradert frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Pensum er på omlag 300-350 sider. Det omfattar grunnleggjande emne frå fonetikk, fonologi, morfologi, syntaks og semantikk.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
-
Administrativt ansvarleg
-