Examen philosophicum - skuleeksamen

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkjemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning, og på sentrale spørsmål innan dei humanistiske vitskapane. Studentane skal gjøre seg kjent med verkty som kan brukast til å analysere tekstar og bidra til klårleik i språkbruk og argumentasjon, både innanfor humaniora og i det breiare akademiske og offentlege ordskiftet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for dei humanistiske vitskapane, til dømes kunnskapsteori, etikk, estetikk og språk- og argumentasjonslære.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå dei humanistiske vitskapane og offentleg debatt

- bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar innanfor dei humanistiske vitskapane og offentleg debatt

Studiepoeng, omfang

10

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og talet på vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Ein skriftleg skuleeksamen (4 timar).
Karakterskala
I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant.
Emneevaluering
Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)
Programansvarleg
Utval for Examen philosophicum
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium