Vitskapsfilosofi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FIL219
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Vitskapsfilosofiemnet er opptatt av grunnleggande spørsmål om vitskap, og implikasjonane av vitskap for samfunnet. Nokre av desse sentrale spørsmåla er: Kva vert rekna som vitskap? Finst det ein vitskapleg metode, og kva er den? Er vitskaplege teoriar pålitelege kunnskapskjelder? Kva er den generelle hensikten med vitskap (om nokon)? Sjølv om det er liten einighet om svar på mange sentrale spørsmål i vitskapsteori (inkludert spørsmålet om induksjon, eller om vitskapen si evne til å fortelle oss sanne ting om den ¿uobserverbare¿ verda), vil dette kurset i vitskapsteori forsøke å gi ein generell oversikt over desse svara, og vurdere deira truverd. Det finst sterke og naturlege forbindelsar mellom vitskapsteori og andre greiner av filosofi, slik som metafysikk og epistemologi.
FIL219 skal gi studentane ein oversikt over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i vitskapsfilosofi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor vitkapsfilosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i vitskapsfilosofi.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- diskutere skriftleg og munnleg sentrale problemstillingar, omgrep og argumentasjon i vitskapsfilosofi (til dømes falsifikasjonisme, realisme versus ulike versjonar av antirealisme som instrumentalisme eller konstruktiv empirisme, bayesiansime og så vidare.
- ta stilling til relevante argument i vitskapsfilosofi (til dømes 'no miracles' argument.)
- arbeide sjølvstendig med filosofiske spørsmål og problemstillingar om vitskapen sin verdi i samfunnet.
Kompetanse:
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan òg vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan skje individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Ei oppgåve som består i å svare på to spørsmål frå tema som blir undervist i kurset. Spørsmåla blir bestemt av faglærar.
Kvar del skal vere på ca. 1500-2500 ord, uten bibliografi. Total lengde er følgjeleg 3000-5000 ord for heile oppgåva
Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk og skal leverast digitalt som eitt PDF-dokument i Inspera til angitt frist ved slutten av semesteret
Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.