Seminar i atmosfærisk vitenskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:
I emnet får studentane tilgang på forskingsartiklar som fokuserer på ulike forskingstema innan meteorologi. Studentane vil med dette møte sentrale problemstillingar gjennom nyare forskingsresultat og vitskapelege diskusjonar som går føre seg innan faget. Diskusjonar innan desse forskingstema har som mål at studentane skal utvikle kritisk og sjølvstendig tenking. I tillegg vil eit skriftleg samandrag hjelpe studentane til å forbetre dei faglege skriveferdighetene sine, noko som er nødvendig for i arbeidet deira med masteroppgåva.

Innhald:
Studentane vil diskutere og presentere vitskapelege artiklar og dessutan skrive ein samandragsrapport . Det vitskapelege temaet vil endre seg frå år til år.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten

  • har god kjennskap til dei viktigaste ideane, teoriane, metodane og resultata innan eit valt tema eller forskingsområde i meteorologi
  • har kunnskap om korleis ein på beste måte kan presentere forskingsresultat
  • har kunnskap om prinsippa for vitskapeleg skriving og forskingsetikk

 

Ferdigheter
Studenten

  • kan gjennomføre omfattande litteratursøk på eit gitt tema
  • kan identifisere og vurdere relevant litteratur
  • kan skrive i samsvar med prinsippa for vitskapleg skriving og forskingsetikk
  • kan gi ein god munnleg eller poster presentasjon innan eit oppgitt emne

 

Generell kompetanse
Studenten

  • kan, ut frå litteraturen, kunne gi ein heilskapleg oversikt over dei viktigaste idear, teoriar, metodar og resultat frå eit valt tema eller forskingsområde innan meteorologi
  • er i stand til å vurdere og kritisk diskutere relevant litteratur
  • er i stand til å presentere essensen og dagens diskurs av det valde meteorologiske tema i skriftleg og munnleg form

Studienivå (studiesyklus)

Master/ph.d.

Undervisningssemester

Vår, ved behov.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelor i meteorologi og oseanografi, bachelor i klima, atmosfære og havfysikk eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av:
2 forelesningar á 2 timar som innføring i emnet den første veka. Deretter 2 timar diskusjon av artiklar pr veke, inkludert studentpresentasjonar. 2 forelesningar á 2 timar om vitskapleg skriving midt i semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på alle forelesningar og deltaking i diskusjonane. Skriftleg oversiktsrapport, rapport innan eit valt tema, deltaking i fagfellevurdeling og studentpresentasjon eller poster blir kravd. Alle deler må vere bestått. (Gyldig kun i semesteret, som det blir godkjent i)
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

- studentpresentasjon eller poster tel 40 % av karakteren
- oversiktsrapport tel 20 % av karakteren
- skriftleg oppgåve tel 40 % av karakteren

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er eksamen kun i undervisningssemester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@gfi.uib.no
Institutt
Geofysisk institutt