Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Målet med emnet er at studenten skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig kvartærgeologisk feltundersøking, utarbeide eit kvartærgeologisk kart og skrive ein avsluttande rapport og notisbok frå feltundersøkingane.

Innhald:

Ulike tema frå pensumlitteraturen til emnet dannar grunnlag for ein individuell temarapport som vert presentert av studentane på eit eige seminar før avreise. Under feltkurset vert det gjeve ei innføring i kvartærgeologiske feltmetodar og kartleggingsteknikkar. Første og siste del av feltkurset består av ekskursjon til utvalde kvartærgeologiske lokalitetar i Nordfjord, Gudbrandsdalen og Østerdalen. På nokre av lokalitetane utfører studentane sjølvstendige undersøkingar enten individuelt eller i grupper.

Studentane skriv individuelle dagboksrapportar frå ekskursjonsdagane om nøkkelnettstsder. Under kartleggingsdelen vert studentane delt inn i mindre grupper som utarbeider kvartærgeologiske kart over utvalde område. Kvartærgeologiske avsetningar vert beskrive og deira danning vert diskutert og tolka. Kartleggingsdelen (3 dagar) dannar grunnlag for ein gruppevis rapport som vert innlevert mot slutten av feltkurset. Den individuell temarapporten og muntlig prøve, gruppevise rapporten og kart, og individuell feltdagbok dannar saman med grunnlag for om studenten består emnet eller ikkje.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare sentrale glasialgeologiske omgrep og definisjonar
  • kan forklare korleis temperaturregime (polar/temperert) i breen innverkar på erosjons- og avsetningsformer
  • kan forklare korleis småskala erosjons- og avsetningsformer er danna
  • kan forklare korleis glasiale landformer er danna
  • kan forklare danningsmåte og klassifikasjon av glasiale avsetningsformer
  • kan forklare korleis smeltevassavsetningar kan nyttast til å rekonstruere innlandsiser
  • kan forklare korleis ein kan rekonstruere flaumar attende i tid
  • har kunnskapar om kvartærgeologien og einskildlokalitetar i områda som ein besøker under feltkurset

Ferdigheiter

Studenten kan

  • gjere sjølvstendige feltobservasjonar
  • kjenne att geologiske prosessar og glasialgeologiske erosjons- og akkumulasjonsformer
  • kjenne att område innverka av polare og tempererte brear og innlandsisar
  • beskrive og tolke glasiale erosjons- og avsetningsformer i felt
  • skrive individuell feltdagbok
  • utarbeide og rapportere feltdata skriftleg og munnleg og framstille data grafisk
  • grunngje tolkingar
  • utarbeide eit kvartærgeologisk kart etter ein oppgjeven standard
  • tolke grafar og figurar
  • gjennomføre søk etter relevant litteratur, samt referere til litteratur og setje opp referanse-/litteraturliste

Generell kompetanse

Studenten kan

  • bruke eit presist geologisk fagspråk til å beskrive og diskutere geologiske prosessar og hendingar
  • erkjenne, vurdere og kommunisere menneska si rolle i, vår uavhengigheit av og innverknad på geosystemet
  • demonstrere evne til å fungere individuelt og etisk saman med andre
  • gjennomføre feltarbeid på ekskursjonen i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningsliner

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen, Nordfjord, Gudbrandsdalen og Østerdalen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
 
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOL109, GEOL225 og GEO341 (fra SV-fak)
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga inneber seminar og feltundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Den individuell temarapporten og muntlig prøve, gruppevise rapporten og kart, og individuell feltdagbok dannar saman med grunnlag for om studenten består emnet eller ikkje.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer, mappevurdering:
  • Individuell temarapport og munnleg prøve før feltkurs
  • Gruppe vurdering feltrapport og kart
  • Individuell feltdagbok
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen Bestått / ikkje bestått nytta.
Vurderingssemester
Vår. Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg og levere mappe i semestra emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.