Utvalgte emner i paleoseanografi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er eit avansert seminar med fokus på å formidle forståing for aktuelle vitskaplege debattar i paleoseanografi med vekt på den siste glasiale syklus. Emnet analyserer geologiske bevis på korleis havsirkulasjon og kjemi har variert tilbake i tid, kva som driv desse endringane, og kva for effekt endringane har på mellom anna klima og klimagassar. Verktøya for å undersøke endringar i havsirkulasjonen, som proksiar (f.eks. 18O, 13C, Cd, Mg, Nd, Sr, Pa/Th, sorterbar silt, 14C, etc.) og datamodellar vert studert. Studentane skal nytte primærkjelder til å skaffe seg innsikt i korleis vitskaplege framsteg vert gjorde, og for å lære objektiv og kritisk tolking og vurdering av resultat, samt diskutere tydinga av resultata.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

  • summere opp havsirkulasjon i tidlegare tider, og forklare korleis den skilte seg frå den moderne tilstanden
  • forklare metodar som vert nytta til å rekonstruere havet sin kjemi og sirkulasjon, og moglege feil i samband med kvar metode

Ferdigheiter
Studenten kan

  • analysere og tolke data og trekke logiske slutningar om tidlegare endringar i havet
  • formulere og presentere vitskapelige argument og konsept
  • kritisk vurdere vitskapelige studiar for robustleik, logisk og empirisk konsekvens, klarheit, og reflektere over tydinga av eit resultat

Generell kompetanse
Studenten kan

  • arbeide og diskutere i grupper for å kollektivt tolke vitskapelege data
  • presentere, diskutere, og kritisk vurdere primær litteratur
  • formulere ein vitskapeleg hypotese og designe eit eksperiment for å teste hypotesen

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak frå forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.

Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
 5 sp overlapp med GEOL326
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av seminar.

Seminar, 2 timer i veka over 14 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk seminar, kor studenten skal bidra med presentasjonar og diskusjonar kvar veke, samt skrive ein tenkt prosjektsøknad.
Vurderingsformer
Beståtte obligatoriske aktivitetar.
Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

 

Vurderingssemester
Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg og levere inn prosjektsøknad og seminararbeid i dei semester emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.