Vidaregåande klastisk sedimentologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir fyrst ein omfattande gjennomgang av avsetningsprosesser på land og i havet, samt ei detaljert undervisning i korleis prosessane blir identifisert og tolka på grunnlag av avsetjingane sine karakteristikkar. Vidare gjer emnet ei kort oversikt over korleis dei forskjellige prosessane fungerar og korleis produkta (facies) er fordelt i rommet i forskjellige avsetningssystem, som fluviale- og kystmiljø, grunn- og djuphavsmiljø, og glasiale miljø. Deretter kombinerast forelesingane med praktiske øvingar og metodikk for facies-analyse av sedimentære lagrekkjer, samt nokre elementære prinsipp for sekvensstratigrafisk tolking. I emnet gir studentane god kjennskap til fysisk sedimentologi og eit solid grunnlag for vidare arbeid innanfor sedimentologi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan:

  • forklare fysiske prosessar bak transport og avsetjing av sedimenter
  • forklare grunnleggande prosessar innafor veskedynamikk relevant for sedimenttransport
  • forstå korleis prosessar innanfor væskedynamik fører til danning av ulike sedimentære strukturar
  • forklare fysiske prosessar bak ulike typar massebeveglse
  • gjere greie for ulike prosessar som opptrer i fluviale miljø, og forklare modellar for slike avsetjingar
  • gjere greie for ulike prosessar som opptrer i grunnmarine miljø, og forklare modellar for slike avsetjingar
  • gjere greie for ulike prosessar som opptrer i sokkel-, skråning- og djupmarine miljø, og forklare modellar for slike avsetjingar
  • gjere greie for ulike prosessar som opptrer i glasiale miljø, og forklare modellar for slike avsetjingar

Ferdigheiter
Studenten kan

  • tolke sedimentologiske observasjonar som uttrykk for ulike fysiske prosessar
  • beskrive sedimentære lagrekker nøyaktig
  • benytte mange forskjellige datasett til å forstå sedimentære avsetninger, som blotninger, landskap, flybilder, seismikk og kjerner

Generell kompetanse
Studenten

  • får eit grunnlag for sjølvstendig arbeid og læring innanfor sedimentologi

Undervisningssemester

Vår. Undervisningen gis konsentrert.

Undervisningsstad

Bergen, samt kjernekurs på Statoil Sandsli.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
 
Studiepoengsreduksjon
 Emnet gir 3 studiepoeng i reduksjon mot UNIS-emnet AG-338
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesinger: 2 timar pr. veke i 13 veker

Praktiske øvingar: 3 dagar. 1 på UIB, 2 på rad på kjernelageret til Statoil

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  •  Godkjente innleveringar
  • Godkjent presentasjon om undersøkt kjerneintervall
  • Obligatorisk deltaking på de praktiske øvingane

    Vurderingsformer
    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
    Karakterskala
    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
    Vurderingssemester
    Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering

    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

     

    Hjelpemiddel til eksamen
    Tillate hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Emneansvarleg
    Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.