Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet HIS108 vert tilbode våren 2024, og undervisninga går føre seg i første halvdel av semesteret (undervisningsblokk vår 1). Sjå timeplanen for detaljar. Kontakt studierettleiar@ahkr.uib.no om du har spørsmål.

Emnet har som mål å gi oversyn over norsk og europeisk historie i eit kjønnsperspektiv og gi ein innsikt i kjønnshistorias teori og forskingshistorie.

Innafor kvar av dei store historiske periodane vert det spurt etter kva kontinuitet og endring i kjønnsarbeidsdeling og i tilhøve som gjeld makt og avhengigskap mellom kvinner og menn har hatt å seia både for dagleglivet og for dei store økonomiske, sosiale og politiske prosessane i samfunnet. Tilsvarande vert det spurt etter korleis utvikling og endring i samfunna har verka inn på levekår og handlingsrom for dei to kjønna gjennom tidene.

Emnet inngår i Bachelorprogrammet for kvinne- og kjønnsstudier. Emnet kan også studerast uavhengig av dette studieprogrammet. Emnet kan inngå i ein spesialisering i historie.

Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har oversyn over kvinne- og kjønnshistorie gjennom å studera skiftande tilhøve mellom kjønn og samfunn gjennom tidene.
  • kjenner til sentrale forklaringar på den historiske utviklinga og dei vanlegaste teoriane omkring tilhøva mellom kjønna.

Ferdigheiter

Studenten

  • viser evne til kritisk drøfting av historiske problemstillingar i eit kjønnsperspektiv og kunne trekke eigne konklusjonar ut av eit historisk materiale.

Generell kompetanse

Studenten

viser evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust.

Undervisninga går normalt føre seg i siste halvdel av semesteret (undervisningsblokk haust 2).

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert normalt gjeven i form av førelesingar, men andre undervisningsformer kan verte aktuelle (om lag 25 undervisningstimar totalt).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk skriftleg arbeid på om lag 1500 ord
  • For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid på om lag 1500 ord. Fristar og retningslinjer for obligatorisk undervisningsaktivitet blir gjort kjent ved studiestart.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i eit semester etter det semesteret den vart godkjend.

    Vurderingsformer
  • 6-timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.
  • Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vera gyldige for å kunne møte til eksamen.

    Karakterskala
    Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
    Vurderingssemester

    Haust.

    Eksamen vert halden ved utgangen av undervisningsblokk haust 2 (slutten av haustsemesteret).

    Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (vår). Denne eksamenen er berre open for studentar som har gyldige obligatoriske undervisningsaktivitetar i emnet.

    Det vert ordinær eksamen i emnet våren 2023.

    Litteraturliste

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

    Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.

    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert jamleg.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.