Fordjupingsoppgåve i historie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet er å gjere studenten i stand til å skrive ei historiske framstilling, på grunnlag av både forskingslitteratur og kjelder.

Gjennom skriving av ei oppgåve innanfor eit avgrensa tema, lærer studenten å bruke historisk kjeldekritikk til å løyse historiske problem..

Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, før kvart undervisningssemester.

Trykk her for informasjon om temaet som er gjeldande dette semesteret

Læringsutbyte

Kunnskapar

  • Studenten skal ha tillegna seg realkunnskap om temaet som er valt for emnet. Studenten skal kjenne til relevante kjelder til temaet og skal vise ferdigheiter i å bruke kjelder metodisk og kritisk.

Ferdigheiter

  • Med utgangspunkt i valde problemstillingar skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere kjelder og forskingslitteratur, trekke eigne konklusjonar og formidle dette i eit skriftleg arbeid. Desse ferdigheitene er særskild viktige i læraryrket.

Generell kompetanse

  • Kjeldekritikk er noko som vert nytta overalt i samfunnet der verdien av informasjon og representativiteten i ei informasjonsmengde skal vurderast. Ei systematisk trening i dette vil såleis kunne ha stor verdi også utanfor historiefaget.

Studiepoeng, omfang

5 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet blir undervist i blokk 1 Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein føremun at studenten har gjennomført emnet HIS101.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak til integrert lærarutdanning ved det humanistiske fakultet, UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil ta form av seminar og personleg rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det skal leverast ei prosjektskisse på inntil 1500 ord med problemstilling og disposisjon innan oppgitt frist.
Vurderingsformer
Studentane skal levere ei oppgåve på om lag 1500 ord. Oppgåva skal ha korrekte tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Undervisningslitteratur vil bli fastsatt i samråd med emneansvarlig.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.