Bacheloroppgåve i historie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva.

Instituttet tilbyr rettleiing innanfor eit rekkje tematiske felt, og både i eldre og nyare historie. Tilbodet vil variere frå år til år, avhengig av kva undervisningskrefter som er tilgjengelege. Instituttet gjev informasjon om kva tema som vert tilbodne i god tid før semesterstart.

Trykk her for informasjon om hvilke temaer som er gjeldende for dette semesteret.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva.

Ferdigheiter

Studenten

  • viser sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet.
  • demonstrerer ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga.
  • demonstrerer ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

Generell kompetanse

Studenten

  • har grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid.
  • har kompetanse i fagleg kommunikasjon ved å få og gi skriftlege. tilbakemeldingar til medstudentar.
  • har sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar gjennom bacheloroppgåva.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår

Det vil vere mogleg å ta emnet også om hausten, men tilbodet vil då vere avgrensa når det gjeld tilgjengelege tema.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Studenten bør ha hatt normal progresjon i historieemna på lektorprogrammet før han/ho tek til på HIS250L.

Studiepoengsreduksjon
Fullt fagleg overlapp med HIS250
Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Det er begrensa kapasitet på dei ulike temaa i HIS250L. Alle som skal ta HIS250L må difor søkje om plass på tema. Søknadsfristen er veke 2 for vårsemesteret og veke 33 for haustsemesteret. Våren 2024 er søknadsfristen onsdag 10. januar. Du søker via Studentweb. I søknaden må du sette opp tre prioriterte ønske om tema.

Om eit tema har fleire søkjarar enn plassar, vil vi prioritere følgjande søkjargrupper:

1. Studenter som tar historie som fag 2, og oppfyller progresjonskravet i lektorprogrammet.

Dersom temaet blir fullt, vil opptak skje ved loddtrekning.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer gjennom individuell rettleiing og/eller grupperettleiing. Arbeidet krinsar kring bacheloroppgåva. Studentane har sjølve hovudansvaret for å definere dei nærare rammene for og innhaldet i oppgåva, her under å identifisere og nyttiggjere seg den relevante faglitteraturen og eventuelle kjelder. Rettleiaren er ei støtte i dette arbeidet.

Studentane skal kommentere tekstframlegg frå medstudentar. Instituttet fastset kva oppgåver som skal kommenterast, og fristane for kommentarane. Studentane får tildelt rettleiar. Rettleiinga skjer etter retningslinene til instituttet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:

  1. Studenten har plikt til å møte (kontakte) rettleiar i god tid før innlevering av prosjektskissa, jf. punkt 2.
  2. Prosjektskisse for bacheloroppgåve. Skissa skal innehalde presentasjon av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur. Prosjektskissa er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.
  3. Utkast til bacheloroppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.
  4. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.

Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester. Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort i Mitt UiB ved starten av semesteret.

Vurderingsformer
Ei rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) med eit omfang på om lag 4000 ord.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste

HIS250L har ikkje eit definert pensum, men studentane skal som del av arbeidet med bacheloroppgåva gjere greie for kunnskapsstatus innanfor temaet oppgåva handsamar.

Litteratur som er nytta i samband med oppgåva skal listast opp i bibliografien.

Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Emneansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie kultur og religionsvitskap